Det er tydeleg at livet bak det me vanlegvis ser på TV fascinerar Aaron Sorkin. Manusforfattaren – som står bak West Wing, og meir nyleg The Social Network – har nytta heile karriera si på å skrive snappy kommentarvekslingar mellom intelligente mennesker.

The Newsroom har fått både heder og pepper av kritikarar verda over, alt etter kva dei har lagt mest vekt på. Som vanleg ligg sanninga ein stad midt i mellom.

Etter at den vanlegvis så uavhengige journalistringreven Will McAvoy (Jeff Daniels) bryt ut i ei tirade mot det amerikanske samfunnet under ein direktesendt paneldiskusjon (ikkje heilt ulikt scena frå Network) kjem han attende til eit nyheitsprogram i oppløysing.

Han teamer opp med eks-kjærast og TV-produsent MacKenzie McHale (Emily Mortimer) om å lage eit nytt program, News Night, på den fiktive kanalen ACN.

McAvoy er drittlei av å vere den objektive saks ridder, målet er at det nye programmet skal ha sterk subjektiv brodd.

Les også: Anmelding av The Social Network: – Sign up!

(Anmeldinga held fram under biletet)

The Newsroom (Foto: HBO).
Bak kamera følgjer medarbeidarane spent med på det som visast på skjermen (Foto: HBO).

Sjå kva som skjer

Den største skilnaden frå til dømes West Wing eller tidlegare Sorkin-serier som Studio 60 on the Sunset Strip er at The Newsroom i mykje større grad følgjer ekte hendingar. Det knytter den òg tettare opp mot røynda – og for meg vert dei dertil meir engasjerande.

Figurane til Sorkin har gjerne vore basert på ekte mennesker, men når dei kommenterar det faktiske oljelekkasjen i Mexicogulfen eller Palins ekte omtale av amerikanske skytelovar, så kjennest McAvoy meir ut som eit talerøyr for den liberale Sorkins politiske meiningar.

Det anar meg iallfall at McAvoys «mission to civilize» av og til er Sorkins stemme, uansett kor mykje dei har forsøkt å dekkje det til ved å gjere Daniels rollefigur til ein moderat republikaner.

Les også: Sorkin forteljer om manus- og skodespelararbeidet på The Social Network

Me kaller det glimt i auget

Det er ikkje naudsynt dårleg med ei «personleg» stemme i serien, men når den i så stor grad som her trer fram kjennest det ut som historia ofte vert dytta litt til sides for å levere ei meining.

News Nights uoffisielle motto «Speaking truth to the stupid» har kanskje teke over som slagord for serien òg, men heldigvis legg Daniels desse fram med innleving og naturleg pondus – han har fanga rolla som McAvoy veldig godt.

Serien ellers er befolka av gode skodespelarar som er usannsynleg skarpe i kommentarane, men – på same måte som i til dømes West Wing – ikkje akkurat realistiske. Spesielt har eg sansen for Dev Patel og Alison Pills figurar, men heilt kjend med dei har eg ikkje rukke å bli enno.

Dei har til og med klart å gjere Olivia Munn til ein givande figur – noko som åleine fortener ei bøtte skryt.

Les også: Jeff Daniels lovar at Jim Carrey er med på Dum & Dummere 2

(Anmeldinga held fram under biletet)

The Newsroom: John Gallagher Jr. og Dev Patel (Foto: HBO).
Det er ein litt romantisk versjon av journalistikken som vert vist (Foto: HBO).

Unyansert bilete

Dette er ein manns fantasi over korleis journalistikk burde vere. Absolutt ikkje realistisk, men ei kraftig unyansert verd der du anten er den perfekte journalist, eller ei lågpanna tabloidhore.

Men eg liker stemninga, og det er mennesker her som eg gledar meg til å sjå meir av.

Om du har sansen for Sorkins rappkjefta figurar, så finn du absolutt noko du har sansen for her. Personleg håpar eg at han kan la historia få snakke litt for seg sjølv i tillegg.

Anmeldinga er basert på dei fem første episodane. The Newsroom har premiere søndag 9. september klokka 20.00 på C More Series.

Kva trur du om Aaron Sorkins dannelsesprosjekt?

Om SERIEN

Newsroom S01
  • Newsroom S01
  • Slippdato: 9. september 2012
  • Sesong: 1
  • Regi: Greg Mottola, med fleire.
  • Utgiver: HBO
  • Sjanger: Drama, Komedie, TV-Serie