Før eg såg Tina & Bettina – The Movie var Zoolander min favoritt blant filmar som oppstod som ein TV-sketsj. Det er den også etterpå.

Tina og Bettina – dei to fjortisvideobloggarane Odd-Magnus Williamson og Henrik Thodesen har skapt i Torsdag kveld fra Nydalen – får livet sitt kraftig forandra når ein såkalla «immigrant», altså frå ein anna del av Oslo vest, inntek høgverdige Smestad ungdomsskule.

Plutseleg er dei ikkje dei dronningbiene dei skulle ynskje dei var, og ein plan vert igangsett for å ta tilbake trona. Men nykomaren (Triana Iglesias) sår splid i eit langt venskap, og vips var ikkje alt så enkelt som det burde ha vore.

«Ikkje alt dei skulle ynskjer dei var» er òg ei god beskriving på ein film som ikkje heilt taklar overgangen frå eit kjapt sketsjeformat til halvanna times lengd.

Reklameverden

Ved sidan av Lilyhammer har regissør Simen Alsvik tidlegare arbeidd i reklamebransjen, det ser ein på produksjonen.

I Tina & Bettina har han skapt den typen sukkersøt verden som me berre ser i reklamefilmar og musikkvideoar. Universet rundt filmen skildrar Oslos beste vestkant i eit fargefullt, men sarkastisk, lys.

Les også: Filmbonanza møtte Steven Van Zandt på settet til storserien Lilyhammer

Draumeversjonen av vestkant-Oslo er med eit par unntak heilheitleg laga. Louis Vuitton-søppelposer og sjamponerte veskehundar pregar kvardagen – til og med Thodesens karakteristiske augebryn har fått ein feminin finpuss.

Det som best bringer vidare sketsjeopphavet er musikallåtane innimellom handlinga. Uansett filmens suksessutfall så tippar eg at eit par av låtane kjem til å endre opp som ei hymne til heime åleine-festar, skrålt over mang ein rusbrus i åra som kjem.

(Anmeldinga held fram under biletet)

Triana Iglesias spelar Synnøve Risnes, den skumle ytre fare (Foto: Tappeluft Pictures / Norsk Filmdistribusjon).
Triana Iglesias spelar Synnøve Risnes, den skumle ytre fare (Foto: Tappeluft Pictures / Norsk Filmdistribusjon).

For lite smør på ei for stor brødskive

I likskap med inspirasjonskjelda Saturday Night Live (SNL) gjer altså no Williamson & Co det same som det amerikanske humorprogrammet har gjort i ei årrekke – å gjere vellukka sketsjar om til ein spelefilm.

Tru til konseptet er filmen dermed full av cameoroller frå diverse norske kjendisar – med vekslande hell. Johnny Depp i Jack and Jill har uansett større tiltrekkingskraft enn Trygve Hegnar.

Les også: Casa de mi Padre: Medan me venter på Anchorman 2

Diverre støter den dermed òg på det same problemet som dei fleste av desse filmane gjer, at det kjennest ut som for lite smør på ei for stor brødskive. Eg ler alt for lite til at dette skal vere ei rein komedie, og mot tredje akt ebbar det ut i keisamme kranglar og ei pinleg animert kampscene.

Og når jentestemmene til filmens to hovudfigurar etter kvart vert stadig meir enerverande hjelper det ikkje på heilheitsinntrykket. Tina og Bettina er nok figurar som bør inntakast i mindre doser, over lengre tid vert mangelen på interessante «catch phrases» og sjarmerande karaktertrekk for tydeleg.

Eller for å seie det i SNL-termer: Dette er langt frå legendariske Blues Brothers.

Om FILMEN

Tina & Bettina – The Movie
  • Tina & Bettina – The Movie
  • Slippdato: 7. september 2012
  • Regi: Simen Alsvik
  • Utgiver: Tappeluft Pictures / Norsk Filmdistribusjon
  • Sjanger: Komedie, Musikal