I anledning kinopremiera på den norske filmen Flukt, som Birger omtalte som «en kjapp spenningshistorie, der norsk natur er det aller beste elementet», tenkte me å ta ein nærare kikk på flukt på film.

Melding: Flukt – litt for kjapp spenning i naturen

Sjølv om filmmediet har gitt oss mange spennande fluktscener, så er det mange måtar å vise flukt på – anten det er frå fysiske skurkar, eller ein stad ein rett og slett ikkje vil vere.

Det er nok sikkert òg noko av årsaka til at dette vart den jamnaste topp 5-lista på lenge! Det flyt nærast over av boblarar like under streken, deriblant The Great Escape, Death Proof, North by North West, og Catch me if you can.

Kva er din favorittflukt på film? Anten det er ei enkeltscene som i Raiders of the lost ark eller ein heil film som Escape from New York, legg att di stemme i kommentarfeltet nedst i saka!

[toppliste tall=»5″ tittel=»Gjøkeredet (1975)»]

Trailer frå «Gjøkeredet».

Andreas: Aller først, ein film om ein som flyktar frå fengselslivet, men som ikkje akkurat likar det han ender opp i.

McMurphy, spela av Jack Nicholson, går inn for å late som han er sinnssjuk i gjerningsaugneblinken og ender slik opp under tyranniske Ratched sitt styre på eit sinnsjukehus.

Resultatet er at han får sjå både kor menneskelege institusjonens mange bebuarar er, samt òg kvifor dei har måtte bli der på ubestemt tid.

Les også: Topp 5: Gærninger på film – Jack Nicholson er med her òg!

Flukta i denne filmen er mangedelt. McMurphy prøver å organisere ei masseflukt på fleire måtar, og klarer slik å inspirere andre. Samtidig vil nok fleire av dei som har sett filmen vere samd i at McMurphy på slutten av filmen får hjelp til å flykte frå eit tilvære han aldri hadde vore samd i.

[toppliste tall=»4″ tittel=»Flukten fra Alcatraz (1979)»]

Trailer frå «Flukten fra Alcatraz».

Andreas: Dette er historia om flukta som vart av USAs mest segnomsuste, Frank Morris’ flukt frå øyfengselet Alcatraz.

Clint Eastwood speler hovudrolla i kjend stil, som den ordknappe, skulande framande. Med sirleg og langsam planlegging finn Morris og hans medkumpaner ut korleis dei skal kome seg av «The Rock».

Les også: Clint Eastwood – 80 år

Samtidig viser den veldig autentisk korleis fengselslivet var på denne tida, noko som sikkert kjem av at regissør Don Siegel hadde arbeidd med fengselsfilm heilt sidan den realistiske Riot in cell block 11 25 år før.

Den største svakheita med Flukten frå Alcatraz er kanskje at den ikkje fortel korleis det faktisk gjekk med våre «heltar» – men det er strengt talt vanskeleg å vite.

Ingen av dei tre rømlingane vart nokosinne funnen etter hendinga, verken levande eller død, noko som har skapt mange myter om dei faktisk klarte det (noko som sjølvsagt har blitt undersøkt av Mythbusters).

[toppliste tall=»3″ tittel=»Flukten frå hønsegården (2000)»]

Trailer frå «Fukten fra hønsegården».

Marte: Chicken Run, eller Flukten frå hønsegården, som den heter på norsk, var den første langfilmen til Wallace and Grommit-skaperne Aardman Animations.

Dette er en film om høner på flukt frå en skjebne som fyll i kyllingpai.

Bonden på hønsegården tjener ikke nok penger på egg lenger og da er selvsagt kyllingpai løsningen. Da et monster av en paimaskin bli kjøpt inn henger livet til hønene i en tynn tråd, men så dumper den imponerende hanen Rocky ned på gården og en storslagen plan om å rømme tar form.

Melding: Piratene! — bygger på samme lest som Flukten frå hønsegården

Flukten frå hønsegården er en lett parodi på handlingen i The Great Escape, en annen stor fluktfilm som er satt til andre verdenskrig.

Med Aardman Animations utrolige evne til å lage mimikk og følelser av plastelina, har de laget en sjarmerende og morsom film man kan se igjen og igjen.

[toppliste tall=»2″ tittel=»Veiviseren (1987)»]

Trailer frå «Veiviseren».

Andreas: Du må gjerne kalle den det norske alibiet i lista. Veiviseren, eller Ofelaš, er likeframt ein stemningsfull og spennande film med handling frå samisk mytologi.

I ei historie som handlar minst like mykje om ikkje å flykte frå seg sjølv møter me Aigin, som tidleg i livet får familien drepen av tsjuder-bandittar. Då han seinare vert nøydd til å vere vegvisar for dei, står det om liv og død for både han og stammen hans.

Melding: Veiviseren — Vi har ventet lenge på ”Veiviseren” på DVD. Og det har lønnet seg!

Resultatet av regissør Nils Gaup sine historieforteljingsevner var ei sterk framtoning blant norsk film på 80-talet, og den kom så langt som å bli nominert til beste utanlandske film ved Oscar-utdelinga i 1987.

Ikkje verst for ein film spelt inn i opptil -47 grader. Faktisk var Finnmarksvidda såpass kaldt at fleire av stuntmennene, som kom rett frå James Bond-innspeling, snudde på flyplassen etter å ha fått nordavinden i fleisen.

[toppliste tall=»1″ tittel=»Frihetens regn (1994)»]
Andreas: Frihetens regn, eller Shawshank Redemption som den kanskje er meir kjend som etter kvart, er eit godt eksempel på svakheita til Oscar-utdelinga.

I 1994 var nemleg denne nominert til heile sju Oscar-prisar, men tapte alle til andre filmar, deriblant Forrest Gump og Lion King som (uheldigvis?) kom ut det same året.

Seinare har den blitt omtala som ein av dei beste filmane i verda. Frank Darabonts film om Andy Dufresnes saktegåande og nærast sjakkaktige flukt frå Shawshank fengsel er av fremste Hollywood-merke.

Les også: Frank Darabont: — Vil gi zombiane verdigheten tilbake

Flukta i Frihetens regn vert berre ekstra forsterka av kor kvitt innsida av murane er, og kor fantastisk blått havet er på slutten av filmen. Tim Robbins som Andy, Morgan Freeman som Red, og resten av skodespelarane er nesten berre ein bonus på toppen av ei særs tilfredsstillande historie.

Men filmen kunne faktisk ha blitt ein heilt anna. Regissør Rob Reiner (Søvnløs i Seattle) ville kjøpe rettane til boka frå Darabont, og foreslo å filmatisere den med Tom Cruise i hovudrolla, og med Harrison Ford som Red. Det hadde iallfall blitt ein heilt anna film!

Sett opp di favorittliste over fluktfilmar i kommentarfeltet!