Legg Need for Speed til lista over kjende og kjære spelserier som dukker opp som filmar. God timing, kanskje, ettersom Fast & Furious byrjar å dra på åra, og spelfilmar igjen har byrja å blusse opp.

Aaron Paul, kanskje best kjend som Jesse Pinkman i TV-serien Breaking Bad, har blitt plukka opp til å spele hovudrolla, ifølgje THR.

— Paul er ei stigande stjerne – eit godt valg som ledande figur. Som spelserien sjølv, treng skodespelarane i filmen å vere «edgy and cool», seier EA Labels-sjef Patrick Söderlund, tilsynelatande utan ironisk distanse til ordet «edgy».

Som TV-stjerne har han blitt nominert til beste mannlege skodespeler i ein dramaserie dei siste tre åra, og vunne to av dei. Eit steg over til filmverda var nok uunngåeleg etter kvart-

Les også: Sjå alle Emmy 2012-vinnarane her

Røter i 70-talet

«The Italian Job» frå 1969. (Foto: Paramount Home Entertainment)
«The Italian Job» frå 1969. (Foto: Paramount Home Entertainment)
Filmen, som har fått releasedatoen 7. februar 2014, skal ifølgje ei pressemelding har mykje til felles med 60- og 70-talets bilfilmar, som til dømes Gone in Sixty Seconds eller The Italian Job.

Den skal ikkje vere basert på eit enkelt spel, men som eit tverrsnitt av serien sidan starten i 1994.

— I Need for Speed er bilane heite, køyringa intens, og historia held folk på kanten av setet, seier DreamWorks-presentasjonen.

Les også: Michael Fassbender skal spele i «Assassins Creed»

Manuset er utvikla av John og George Gatins, som tidlegare har arbeidd på blant anna robotboksedramaet Real Steel og Samuel L. Jackson-filmen Coach Carter.

Spelserien held fram

Allereie den 2. november kjem det neste spelet i serien, Need for Speed: Most Wanted. Det vert det nittande spelet i rekkja, og skal ifølgje EA vere meir fokusert på ditt sosiale konkurranseinstinkt enn tidlegare Need for Speed-spel.

I tillegg til køyring i ei open verd skal den ta seg nytte av det såkalla CloudCompete til å setje tidene dine opp mot venene dine.

Les også: EA på Gamescom 2012: — Meir sosialt, lite nytt

Med nyheita om at filmen er på trappene for alvor, vert det nok heller ikkje det siste spelet i serien.

Kva synest du om Aaron Paul? Legg att di meining i kommentarfeltet under traileren for Need for Speed: Most Wanted.