— Dette handler ikkje om partipolitikk i det heile teke. Røde Kors, Redd Barna, UNICEF, Norsk Folkehjelp, Anti-Rasistisk Senter og NOAS, Biskopen i Den Norske Kirke og Kirkens Bymisjon. Dei meiner akkurat det same, seier Margreth Olin.

Margreth Olin, her på Filmbonanza. (Foto: NRK)
Margreth Olin, her på Filmbonanza. (Foto: NRK)

Dokumentaren hennar, De andre, om behandlinga av unge asylsøkarar i Noreg i dag har ein agenda, men den er først og fremst å få fortalt historia til dei som vanlegvis ikkje dukker opp i nyheitene. Ho trur ikkje at norske politikarar kan vere kjent med at ting som dette hender i Noreg.

— Filmen er ikkje eit innlegg i ein debatt om at Noreg skal ha opne grenser, seier Olin.

— Det handlar om å ynskje å bidrag med å sjå på kven som kjem, kvifor dei kjem, prøve å gi eit sannere bilete – og prøve å bidra til å endre retorikken rundt korleis me snakkar om flyktningar.

I to år har ho fulgt opptil 20 unge menn som har komt til landet før dei var myndige – utan omsorgspersonar – og fått avslag på asylsøknadane sine. Ein handfull av desse er sentrale i filmen De andre.

Anmelding: De andre : — Tung film, tung agenda

Utgangspunktet er Salhus-mottaket

Felles for dei fleste av desse er Salhus-mottaket. Dette var eit satsingsprosjekt som skulle huse dei med midlertidig opphaldsløyve fram til dei var 18.

— Alle som var der hadde det same midlertidige løyvet, og sat i prinsippet og venta på 18-årsdagen sin. Dei hadde eit undervisningstilbod som blant anna gjekk ut på å lære norsk, som mange av dei ikkje forstod: ‘Kvifor skal me lære norsk når me uansett må tilbake til opprinnelseslandet?’

I oktober 2011 vart Salhus-mottaket nedlagt.

— Dette var nettopp fordi ein såg at ungdommane ikkje klarte å nyttegjere seg av tilbodet som Salhus var tenkt. Dei hadde nok med å halde hovudet over vatn.

P3Dokumentar: De uønskede : Hvordan klarer man å leve et liv som dette – i flere måneder, i flere år?

Salhus-mottaket er sentralt for dokumentaren. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Salhus-mottaket er sentralt for dokumentaren. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Bryt barnekonvensjonen

Olin kritiserar norske politikarar som hevdar at Noreg har ein solidarisk og forsvarleg asylpolitikk.

— ‘Me bryter ikkje med barnekonvensjonane’, og så vidare. Men det er ikkje sant!

Olin siktar til at norske born i tilsvarande situasjon er barnevernets ansvar til dei er 23. Einslege, mindreårige asylsøkarar returnerast når dei vert 18 år.

— Me forskjellsbehandler på grunnlag av alder og etnisitet, dermed bryt Noreg barnekonvensjonen, har Olin tidlegare sagt til NRK.

NRK Ytring: Christian Tybring-Gjedde: På flukt fra eget ansvar

Utøya-parallellen

— Filmen opnar veldig sterkt, med ei henvisning til born som symjer frå Utøya. Kva har du lagt i eit verkemiddel som dette?

— Det er så langt mellom tryggleiken me har, og den frykta me lever i. Og eg tenkte at den forbindelsen kanskje ikkje er mogeleg å skape i det heile teke, svarer Olin.

— Men så kom 22. juli.

— Og i likskap med alle andre i Noreg, så er eg rysta. Me er påført eit nasjonalt traume som me ikkje trur skal hende her. Når eg då såg dei første vitneskildringane på TV, frå ungdommane som klarte seg, når eg såg augo deiras, og kroppsspråket deiras, så tenkte eg ‘Dette har eg sett i to år’.

— Eg fekk dette biletet, og ynskte å ta det med i filmen – ikkje som eit verkemiddel for å skape provokasjon, men for på den mest mogelege sannferdige måten skape ei forbindelse til oss.

Vil nå fleire

Med filmen vil Olin nå både «folk flest», men også politisk leiing.

— Eg ynskjer å bringe stemmene deira inn i offentlegheita, slik at me skal sjå om politikken kan vidareførast eller ikkje.

— I september gjekk statssekretær Pål Lønseth ut i media og kritiserte fokuset på enkeltskjebner i asyldebatten, kvar legg filmen din seg i den debatten?

Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre»(Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre»(Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Olin meiner at det er rart om enkeltskjebner ikkje skal vere gyldige i denne debatten når andres skjebner viser seg i både helse- og andre debatter i Noreg i dag.

— Eg opplever at desse ungdommane er heilt stemmelause i samfunnet vårt, om eg seier til deg ‘einsleg, mindreårig asylsøker’, så har ikkje du noko namn, noko ansikt, noko historie på kven det er, seier ho.

— Etter denne hausten, så har ein det, ein har nokre menneske å henge det på.

Forberedt på kritikk

Olin er forberedt på spørsmål om kvifor ho ikkje har med norske politikarar i denne filmen.

— Kvar dag, kvar veke, heile året rundt – og særleg no når me skal inn i eit valgår – så kjem norske politikarar til å få all mogelegheit og plass til å snakke om norsk asylpolitikk.

— Men desse stemmene vert ikkje høyrd. Og då vil ikkje eg nytte 90 minutter på norske politikarar.

Har du sett De andre?