Ny måndag og mykje har hendt på internett sidan sist gong! Difor har me gått gjennom feeds, kanaler og favorittnettstader for å samle eit knippe skjermgøy som du kan starte veka med.

Men først, litt animasjonshistorie!

Veka vart starta med ein Google Doodle tilegna Winsor McCay, ein teikneserieskapar som òg var ein pionér innan animasjonsfilmen.

Filmen Gertie the Dinosaur var ikkje den første animasjonsfilmen, men ein av dei absolutt første som ikkje berre var reklame for eit produkt. McCay trudde at animasjonsfilmar kunne underhalde publikum utan å vere eit salgstriks, og han reiste på turné med denne filmen der han «snakka» med dinosauren frå scena – noko som på den tida var særs uvanleg.

Om du kunne vere James Bond, hadde du teke sjansen?

Det er greit å ta med reklamer når dei er så kule som desse. Coca Cola og Skyfall har gått saman om ei ganske så actionfylt kampanje. Dersom ein brusautomat hadde sagt LØP, hadde du då løpt?

Ein stilig idé, iallfall, som er fint gjennomført. Eg trur faktisk eg hadde måtte ha løpt, ein kan jo ikkje takke nei til noko slikt?

«Halo 4»-trailer

Mange – inkludert meg – venter på Halo 4. Traileren, som er regissert av spesialeffektguruen Tim Miller og produsert av David Fincher lover iallfall storslåtte miljø og nye fiendar.

Dette vert nok eit av Microsofts siste storprosjekt før neste generasjons konsoller er på veg. Eg er spent på kva dei kan få til.

Kle deg ut som zombie?

Me gir deg litt headstart før halloween, og gir deg ein av (overraskande nok, tusenvis) av sminkevideoar på Youtube. Denne har derimot ikkje så mykje rouge og augeskugge, men viser deg heller korleis du kan sjå ekstra skummel til utkledningsfesten.

Åtvaring: Filmpolitiet tek ikkje ansvar for eventuelle hjarteattakk denne sminka kan påføre andre.

Gangnam Minecraft Style?

Kva? Endå ein Gangnam Style-parodi? Jaja, denne er iallfall tolererbar. Her har Youtuberen Sparklez og laget hans sett saman ein nær perfekt kopi av musikkvideoen, berre med diverse figurar frå Minecraft-universet.

Ny trailer for Bioshock Infinite

Det tredje spelet i Bioshock-serien har blitt utsatt fleire gonger, men kjem stadig nærare si 2013-utgiving. No er ein ny trailer ute, som viser meir av byen og fleire av evnene du har i spelet.

Traileren skryter av å vere «made entirely from in-game footage», noko som iallfall betyr at det kjem til å sjå bra ut!

Gode vener er bra å ha

Eg har alltid hatt sansen for filmar om kunstige intelligensar og deiras reaksjon på ekte liv og ekte mennesker. Denne kortfilmen om roboten Blinky er endå ei slik forteljing.

Det er eigentleg alt eg har å seie om denne filmen, eg vil ikkje avsløre for mykje!

Blinky™ from Ruairi Robinson on Vimeo.

Ein aldri så liten «Iron Man 3»-teaser

Ein teasertrailer for Iron Man 3, den neste Marvel-filmen i rekka er komen. Lite er kjend om kva filmen skal handle om, men Iron Mans hovudmotstander er teknologiavhengige Mandarin, litt som ein kinesisk versjon av han sjølv.

Dette er ein teaser for den fulle traileren som skal kome på sundag.

Papirbitar og matematikk

Dette er den tredje filmen i ei rekkje filmar om såkalla hexaflexagons, ein matematisk interessant papirbit med mange uventa eigenskaper. Youtuberen Vihart har undersøkt desse eigenskapene i ein serie med småfilmar, og denne gongen har me kome til DEI STORE FARENE ved å leike med slikt.

Få òg med deg den første og andre videoen i serien.

Ein gong i framtida

Ein kul kortfilm sånn på tampen. Eg vil ikkje fortelje så mykje om denne heller, litt av poenget er overraskinga.

Men det er tøft å sjå ein animert film med så realistiske bilar! (Sjølv om det som hender med bilane ikkje akkurat er realistisk.)

Dette er videoar me har funne gjennom veka, blant anna frå redaksjonens Twitter-profiler og nettet ellers.

Har du funne nokre kule trailerar eller kortfilmar på nettet denne veka? Del dei i kommentarfeltet!