Gratulerer med dagen, James Bond! Den 5. oktober 1962 hadde Dr. No britisk premiere, noko som skulle setje mykje av standarden for dei komande tiåra med James Bond.

I Dr. No fekk me introdusert mykje av det som framleis karakteriserer den britiske spesialagenten. «Bond, James Bond», vodka martinis, Bond-damer, grafisk spennande opningssekvensar, den attkjennande Bond-låta, og mykje meir.

Første klipp frå «Skyfall» – No også med gravemaskin

Sidan det trass alt er 50 år sidan, feirast Global Bond Day med utgiving av Adeles nye Bond-låt, ein Christies-auksjon av spesielle Bond-gjenstandar, samt det første heile klippet frå «Skyfall» (under frå Yahoo Movies).

Ved sidan av ei ansjåeleg mengde Aston Martin-bilar har James Bond reist med alt frå parasollar til tanks dei siste femti åra, men eg trur ikkje han har teke seg fram med gravemaskin før?

Og den siste rørsla der er veldig Bondsk, tykkjer du ikkje?

MGMs oppsummeringsvideo av James Bond.
Les også: Adeles Skyfall: — Som skapt for store scener

Som eit ledd i feiringa har MGM òg sett saman ein liten video som oppsummerer dei siste fem tiåra. Den er absolutt sjåverdig som ei opplading til den komande filmen, den 23. i rekka.

Og om du liker Daniel Craig som James Bond kan du sjå fram til to filmar til med han etter Skyfall.

«Battle of the Bonds»

Men det har ikkje alltid vore så enkelt for James Bond på lerretet. Mange konfliktar har lurt i kulissene sidan 60-talet, både økonomiske og personlege. Ein av årsakane til at Skyfall kjem heile fire år etter Quantum of Solace er fordi MGM nesten gjekk konkurs i 2010.

— Me har vore gjennom to bankerottar, og mange angrep frå konkurrerande seriar, så me har hatt både motbakkar og nedoverbakkar, seier Bond-produsent Michael G. Wilson til Reuters.

Albert Broccoli, éin av dei to hjernane bak Bond-filmane saman med Roger Moore i 1982. (Foto: AP Photo/Reed Saxon)
Albert Broccoli, éin av dei to hjernane bak Bond-filmane, her saman med Roger Moore i 1982. (Foto: AP Photo/Reed Saxon)
I 1983 kom både Octopussy med Roger Moore og Never say never again med Sean Connery ut frå konkurrerande selskap. Dette var eit resultat av at Bond-filmskapar Harry Saltzman selde Bond-rettane til United Artists då han kom i stor gjeld.

Dette vart eit slag for hans mangeårige medprodusent Albert «Cubby» Broccoli, som naturleg nok hadde håpa å få rettane åleine hjå produksjonsselskapet EON.

— Eg trur konflikta mellom Harry og Cubby var det verste, fordi dei fekk ein slik suksess før ein av dei kom i finansiell trøbbel og … skapte ei rift, seier Wilson, som òg er stesonen til Broccoli.

Med åra har dei to selskapa gått saman om Bond-rettane, men hendinga har seinare blitt ståande i filmhistoria som «The Battle of the Bonds».

Ein av Noregs største Bond-fans

Førre veke hadde me John Berge – «Berge, John Berge» – på besøk i studio for å snakke om fenomenet James Bond, og samleboksen for dei offisielle 23 filmane. Han driv nettstaden Jamesbond.no og er av Noregs fremste Bond-ekspertar.

Spørsmålet om kva Bond-film som er hans favoritt har han fått mange gongar før.

— Det blir jo ofte for ein person den første man opplever, og for meg er det The Living Daylights med Timothy Dalton – som eg også synest er den beste skodespelaren som har spelt James Bond, seier Berge.

Du kan høyre heile intervjuet i podkasten vår, eller i lydavspilleren under.

[audio:https://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/10/John-Berge-om-Bond-50.mp3|titles=John Berge om Bonds 50 år]

Skyfall har premiere den 26. oktober.

Kva Bond-film er din favoritt?