«Twin Peaks møter Hot Fuzz», er orda som har blitt nytta for å omtale den surrealistiske politiserien frå mellom anna folka bak Kill Buljo.

I NRK-serien speler Zahid Ali politimannen Salmander som har blitt tvangssendt til finnmarksbygda Hellfjord, på grunn av eit hendeleg uhell under 17. mai-toget i hovudstaden.

Den utanforståande og eigentleg ganske vanlege karen vert dermed vitne til ei heil rekkje merkelege hendingar i det han trudde skulle vere ein stille «drittplass» (for å sitere rollefiguren).

Sjå heile intervjuet i videoen i toppen av saka!

Fleire kokker, meir søl?

Dei sju episodane av serien har heile sju ulike regissørar, men manusforfatter og skodespeler Zahid Ali meiner at det gjekk bra fordi alle var forberedt på det.

— Det var ikkje slik at det dukka opp en ny fyr på settet, og eg sa ‘Hei, kan du hente ein kaffi til meg?’ ‘Nei, eg er faktisk den nye regissøren’. Me hilste på dei på førehand, men det var jo litt som ein speed-date.

— Litt utfordring var det, jo. Nokre var veldig oppteken av korleis me snakka – nokre var ikkje oppteken av korleis me snakka i det heile teke, meir korleis me oppførte oss og korleis bakgrunnen var, seier Ali til Filmbonanzas Vegard Larsen.

Ali meiner at dei ulike regissørane valde episoder utfrå kva dei er mest vant til. Til dømes Roar Uthaug som tidlegare har laga actionfilmar som Fritt Vilt og Flukt.

— Han ville ha siste episode, for der var det meir action, men Ola Giæver er veldig oppteken av relasjoner og forhold, så han valde sin episode. Dei valde rett episodar i forhold til det dei var gode på.

Leslie Nielsen i «Mannen med den nakne pistol»
Zahid Ali ville føre litt av Leslie Nielsen inn i rolla som Salmander.
Les også: Hellfjord får god tilbakemelding i USA

Mindre karikert enn vanleg

Rolla som Salmander er ein meir seriøs figur enn Zahid Ali har gjort tidlegare, i filmar som Tommer tønner 2 eller serier som Jul i Tøyengata. På første innspelingsdag var han ganske redd.

— Det stod seksti mennesker på sett og sa ‘Værsågod, nå skal du spille’. Så eg tenkte heile tida at no kjem eg til å bli avslørt, seier Ali.

— Første veka var eg veldig redd for det. Eg har gått på folkehøgskule, på dramalinja, det er den utdanninga eg har.

Ei meir seriøs rolle betyr òg at det er dei rundt han i serien som må stå for det meste av komikken. Som «straight man» – den normale i det heile som skal vise kor merkeleg alt det andre er – blir humoren meir som eit lagspel.

— Eg server mykje, og dei andre smasher. Det er jo ei utfordring fordi eg er vant til å smashe sjølv, men det var det som måtte til for å få det til å fungere!

Første sesong er spelt inn og har premiere tysdag 9. oktober. Ifølgje Ali er andre sesong allereie skrive og klart – dersom nokon har lyst til å sjå det då.

Sjå heile intervjuet med Zahid Ali og besøk på Hellfjord-settet på Filmbonanza i kveld klokka 21.30.