— Ho er galen, ho er galen. Ho er fullstendig uredd, og fullstendig galen.

Det var tankane som slo den svenske dokumentarskaparen Lukas Moodysson då han såg arbeidsmetodane til Margreth Olin. I hennar komande film De andre har ho følgt unge asylsøkjarar i Noreg som vert sendt tilbake til landet dei kom frå.

Der følgjer ho blant anna den unge kurdaren Goli til ein leir med mykje albanarar – beskrive av Moodysson som ein veldig farleg plass.

— Vi reiste til Igoumenitsa, som er grensa mot Albania. Då bad eg Goli om å få vere med, for han reiste dit heile tida for å kome seg ut av Hellas, seier Olin til Filmbonanzas Vegard Larsen.

Målet var å kome i kontakt med smuglarar som kunne hjelpe han ut av landet.

Eit møte med menneskesmuglarar

Sidan ho skil seg litt ut i mengda ville ikkje Olin gå inn i området uforberedt. Olin ville ikkje snakke med politiet, av frykt for ikkje å få filma det ho ville, så ho kontakta menneskesmuglarane for å spørje om beskyttelse. Møtet skulle gå føre seg på ein kafé nær fjellet der dei haldt til. I kveldinga kunne ho sjå han gå ned fjellsida berande på noko.

— ‘Kva faen er det? Er det ein bag med våpen?’ Ein får alle desse … ein har sett nok film i sitt liv, på ein måte!

Det viste seg å vere ein hundekvalp, som ei gåve ho kunne ta med seg heim. Medan kvalpen sprang rundt fortalte menneskesmuglaren livshistoria si. Men nokre ting kunne ho ikkje ta med i filmen, eller vere med på sjølv. Filminga av ei grenseflukt mellom Kurdistan og Tyrkia vart filma av ein lokal kameramann.

— Den risikoen tek eg ikkje, fordi eg har born.

Anmelding: Margreth Olins Engelen : — Jeg orker ikke å ta alt innover meg

Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre» (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre» (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Sjå video av intervjuet og klipp frå filmen i avspelaren i toppen av saka.

Umogeleg utan djup tillit

— Eg vert nok veldig emosjonelt involvert, men eg veit ikkje kva hensikt det har å skulle late vere, seier Olin.

— Eller kva godt det skulle ha å seie for meg som historieforteller eller menneske. Mykje av det som kjem fram i denne filmen – nærleiken, nakenheita og ærlegheita – er umogeleg utan ei djup tillit mellom oss.

I filmen fortel den unge guten Hussein historia om korleis han vart knivstukken i magen då familien vart angripen. Etter han var ferdig med historia si, og alle andre var ute av rommet, sa han til ho:

— Takk for at du tek med så mykje av min sorg ut av dette rommet.

— Det at han deler, gjer at det er lettare for han. Då eg ringte sjukehuset dagen etterpå hadde Hussein sove den natta. Eg hadde ikkje sove.

Anmelding: Paradis: Kjærlighet : — Det er vondt å oppleve denne filmen

— Det er ikkje slik at eg går i middagsselskap og snakkar om døden

I media kan ein lett få eit inntrykk av Olin som ei gravalvorleg dame. Olin sjølv insisterer på at ho òg kan vere fjasete og tullete, som dei fleste andre, men at ho lett fyller eit hol i den norske filmindustrien som ikkje så mange andre er.

Nyleg hadde ho ein journalist med seg for å lage eit større portrettintervju. Etter å ha følgt Olin gjennom ein vanleg dag sat dei seg ned for intervju. «Døden» og «angst» var blant temaa, før intervjuaren sa «Takk for meg».

— Då tenkjer eg, ‘Faen, no har eg gjort det igjen!’.

Sjå intervjuet med Margreth Olin i Filmbonanza, torsdag klokka 21.30 på NRK2!