Dei fleste har eit forhold til Football Manager. Anten gjennom typen din, den fotballnerdete kompisen din, eller, ikkje usannsynleg, har du sjølv brukt tallause timar på rommet klistra til skjermen der du leikar fotballtrenar.

FM, eller Championship Manager som det tidlegare heitte, fyller no 20 år. Og 2. november kjem neste utgåve, Football Manager 2013, ut. Er du ein del av den mest ivrige fanbasen, har du sannsynlegvis allereie spelt beta-versjonen som kom for rundt to veker sidan.

Fører til skilsmisser

Men ikkje alle set like stor pris på spelet som gir deg moglegheita til å trene opp kva som helst lag og føre dei til suksess. FM er nemleg blitt nemnd som hovudårsaka til 35 skilsmisser i Storbritannia. I tillegg har det fått skulda for slutten på tallause forhold. Dette kjem fram i boka Football Manager Stole My Life, som blir gitt ut i samband med 20-årsdagen.

Her lyftar dei tre forfattarane, Kenny Millar, Neil White og Iain Macintosh, lokket på kulturen som består av FM-frelste spelarar. Dei presenterer mellom anna folk som har fått liva sine fullstendig overtekne av det avhengigheitsskapande spelet. P3 tok ein prat med ein av forfattarane, Iain Macintosh.

– Eit av måla med boka var å fortelje folk at finst andre der ute som er som deg, seier Macintosh.

Høyr første del av intervjuet P3-programmet Verdens rikeste land gjorde med Iain Macintosh her:


 

  Han ser på seg sjølv som svært avhengig av fotballspelet, og meiner at speletida hans kan bli målt i månader. Sjølv om han meiner at fotballspelet også dreg med seg mykje positivt, ser han ofte tilbake på talet på speletimar med gru:

– Herregud, kor mange timar av livet mitt brukte eg på eit dataspel?

 

– Eg har nok vore avhengig

Stian Semb Aasmundsen (23) er ein ivrig FM-spelar, men ikkje nok med det; han har også vore med i FM som ein av spelarane. Etter han signerte kontrakt med FK Tønsberg vart han nemleg lista.

Stian Semb Aasmundsen. (Foto: Privat)
Stian Semb Aasmundsen. (Foto: Privat)

– Det var utruleg stas, som ein draum, eigentleg.

Han gler seg til den nye versjonen, og fortel at han har sett av heile helga til speling. Og dersom han fyrst speler, går det fort 5-8 timar. Somme dagar endå lenger. Han innrømmer at han kan bli ganske hissig dersom ikkje spelet går hans veg, og ein dag gjekk det ut over datamaskina:

– Eg tok dataen, gjekk roleg inn på badet, og haldt han under rennande vatn til han slukna.

Måtte øydeleggje spelet

Også Øyvind Lysebo Ekelund (28) har vore ein ivrig FM-spelar. Då han skreiv på masteroppgåva si, klarte han ikkje å leggje frå seg fotballspelet. Dette gjer ut over så hardt ut over oppgåveskrivinga, at han måtte ty til tøffe grep. – Eg hugsar at eg tenkte: Det hjelp ikkje å ha vunne Champions League med Bossekop, dersom eg får ein dårleg karakter på masteroppgåva. Han knekte difor speleplata i to.

– Eg er ikkje ein gamertype til vanleg. Men FM er noko spesielt.

Og sjølv om 18 år med speling resulterer i mange timar, meiner han det likevel ikkje har gått ut over det sosiale livet hans i stor grad.

– Men du kan tenkjer deg søndagsfeelingen du har når du har sitte inne ein heil dag. Du har ikkje gjort noko fornuftig. Sånn er det, berre i ein ekstrem variant.

Stel Football Manager livet ditt? Legg inn dine erfaringar i kommentarfeltet under intervjuet.

Høyr resten av intervjuet her: