Det er lett å instinktivt hate remakes. Dei kan fort bli vederstyggelegheiter, laga for å sanke inn pengar frå nostalgiske fans av ein gammal serie. Men av og til, så er remakes laga med såpass mykje kjærleik at det fungerar.

Og i «XCOM: Enemy Unknown» sitt tilfelle fungerar det veldig godt!

Eg skal ikkje påberope meg å ha meir enn eit flytande bekjentskap til originalen, men det nyaste skotet på stammen til XCOM-serien kan umogeleg gjere skam på slekta si – UFO: Enemy Unknown frå 1994 er stolt.

Ukjend framand

Ein ukjend fiende angrip jorda, og verdas styresmakter går saman om å finansiere forsvarssamarbeidet XCOM. Du er valgt som utførande kommandør, og må overvåke alle deler av operasjonen for å beskytte planeten vår.

I sentrum av spelet ligg turbasert kamp der du møter romvesen av stadig eskalerande styrke.

Men dette er berre éin del av det. For å kunne utvikle kampstrategier og våpen er du òg nødt til å researche og byggje ut hovudbasen din, som etter kvart vert ei overraskande stor taktisk maurtue.

I basen administrerer du tiltak for å halde XCOM-medlemslanda sitt panikknivå nede – for å få pengestøtta du treng for å drive angrepet rundt – og skaffe nytt utstyr og ferske rekrutter (dersom du mot formodning skulle tape nokre i kamp).

Les også: Topp 5: Strategispill

Hovudbasen i spelet – vist som ei lett tilgjengeleg maurtue (Foto: 2K Games).
Hovudbasen i spelet – vist som ei lett tilgjengeleg maurtue (Foto: 2K Games).

Evig balansegang

Korleis du velgjer å balansere framgangen i spelet er opp til deg sjølv. Å bunkre opp med granater og eksplosiver er meir effektivt og sparer rekrutter – slik kan soldatane dine lettare rykke opp i rang. Men eksplosiver øydelegg sjansene for å innhente romvesenteknologi, så det kan vere lurt å plaffe dei ned på vanleg måte.

Grensesnittet er oversiktleg og intuitivt (Foto: 2K Games).
Angrepsgrensesnittet er oversiktleg og intuitivt – her frå PS3-versjonen (Foto: 2K Games).
Det beste er om du i tillegg klarer å fange romvesena levande, for så å avhøyre dei i heimbasen din. Dette må gjerast i nærkamp, og er naturlegvis meir risikofylt enn eit distanseskot.

Om ein soldat døyr i felt, døyr den nemleg permanent. Det er overraskande kor nært du vert knytta til desse små avatarane, spesielt om dei har fulgt deg frå tidleg i spelet. Akkurat no har eg eit stearinlys på stovebordet til minne om general Katharina «Whiskey» Neumann.

Balansegangen går heile vegen opp gjennom systemet til det overnasjonale XCOM-samarbeidet. Skal du blidgjere alle som spør etter ressurser, eller ta vare på dei sjølve for å kunne byggje fleire våpen og meir utstyr? Sistnemnde kan igjen føre til at du får mindre pengar å rutte med, dersom eit land vert lei av at du overser dei.

Les også: XCOM-designeren: — Du hugsar korleis romvesena drap mor di

Før kvart oppdrag velgjer du ut troppen du meiner vil passe best. Mange sniperar, fleire overfallsstyrker, og kanskje ein medic? (Foto: 2K Games)
Før kvart oppdrag velgjer du ut troppen du meiner vil passe best. Mange sniperar, fleire overfallsstyrker, og kanskje ein medic? (Foto: 2K Games)

Varierande mengd variasjon

Fleirspelermodusen er ny i XCOM-serien. Diverre bringer den ikkje det heilt store til bordet.

Dei aller fleste banene er byområder, med diverse høge eller halvhøge murar å gå i dekning frå (Foto: 2K Games).
Dei aller fleste banene er byområder, med diverse høge eller halvhøge murar å gå i dekning frå (Foto: 2K Games).
Det er artig å teste – om ikkje anna for å forsøke å styre dei ulike romvesenartene – men mangel på banevariasjon og ein form for å rangere kampar er sårt sakna. Større kartvariasjon hadde heller ikkje skada éinspelardelen, men her er det mindre openbart.

Den store våpenvariasjonen kjem kanskje litt seint, men det er tilfredsstillande når du har studert romvesena så lenge at å lage usynlegheitsdrakter er like teknologisk vanskeleg som å opne ei heisdør.

Eit par oppdrag bryt med resten av spelet og gir deg interessante oppgåver i kampens heite. Berre det å introdusere sivile som må reddast vert ei god taktisk omvelting som hjernen kan få bryne seg på. Alle dei ulike romvesena gjer òg til at kampane vert meir varierte. Det er mange måter å angripe spelet på, og Firaxis – best kjend for Civilization-serien – har lagt mykje kjærleik i valga du kan ta.

Anmeldelse: Civilization V: — Til: Stormannsgale spillere. Fra: Firaxis

Bøh! (Foto: 2K Games).
Bøh! (Foto: 2K Games).

Dei små detaljers siger

Stadig vekk innser eg at både jordlege styrker og fienden berre er éin taktisk glipp, éi brikke på feil stad, eitt feilsikta skot unna at kampen med eitt kan endre karakter – anten til det gode eller til det vonde.

Som nemnd i vår sniktitt av spelet frå tidlegare i haust, så er ikkje grafikken strøken. I det store og det heile gjer dette absolutt ingenting, men i basenivået kan menneskelege rørsler verke litt vel foreinkla.

Cheesy sekkepipe-musikk! (Video: 2KGames)

Til trass for manglande høgfinesse på grafikk er likevel XCOM-verda full av smådetaljar som beriker spelet.

Berre det at du kan få opp ei oversikt, eit digital minnesmerke, over dine døde soldatar – satt til cheesy sekkepipemusikk – er noko som gleda meg stort.

«XCOM: Enemy Unknown» kjennest som ein anna generasjons spel. Som ein bestefar som har falt i ungdomskjelda og komt attende med akkurat like mykje visdom som han alltid har hatt, men kul nok til å kjennest moderne.

I staden for at 90-talets kanter har blitt runda av for å skape ei grunnare og enklare speloppleving, er 2000-talets grensesnitt tilført for å gjere kamp og navigasjon meir intuitivt. Dette er akkurat like taktisk utfordrande som det var i 1994!

(Spelet er testa på PC, men har eit grensesnitt tilpassa både datamus, tastatur og kontroller)

Om SPILLET

XCOM: Enemy Unknown