Tidlegare i november skreiv me om David Braben si kampanje for å få stabla ein oppfølgjar til det klassiske Elite-spelet på beina. Dette gjer han via tenesta Kickstarter, som let folk love pengar til prosjektfinansiering direkte, men ikkje før eit visst totalbeløp har blitt nådd. Dette gjerast ved å love finansiørane visse tenester eller produkt ved ein viss sum pengar.

Om du støtter Elite: Dangerous med 4500 britiske pundr – rundt 40000 norske kroner – får du rettane til å skrive ei bok frå universet, og til og med påverke historia i det komande spelet.

Les også: Elite kjem attende

Kickstarterception

Forfattar Drew Wagar har lyst til å skrive den boka, men han har ikkje pengane. Kva gjer han då? I eit ledd for å få Kickstarter til å oppnå sitt fulle potensial har han no starta ein Kickstarter-kampanje, for å kunne støtte Elite-kampanjen.

Drew Wagar – i sin beste Dale Cooper-imitasjon. (Foto: Drew Wagar).
Drew Wagar – i sin beste Dale Cooper-imitasjon. (Foto: Drew Wagar).

– Eg kan skrive, eg kan redigere, eg kjenner folk som kan korrekturlese. Eg er ein publisert forfattar, eg veit korleis ein får ei bok på marknaden, skriv Wagar på Kickstarter-sida si.

– Og aller viktigast, eg er ein Elite-fan.

Wagar har spelt Elite-serien sidan 80-talet, har skrive fleire fanhistorier til spela, og meiner at ein roman som dette er den beste måten han kan betale Braben og resten av Frontier Developments tilbake for gleda han har fått.

Les også: Får spillerene til å punge ut

Når blir folk mette på nostalgi?

Og veit du kva det «verste» er? Han kjem heilt sikkert til å få det til. I skrivande stund er han litt over halvveges til dei oppmålte 4500 dollarane. Er det litt parodisk? Ja. Er det noko me kan gjere med det? Nei, kanskje ikkje?

Det er allereie altfor mange Kickstarterar som er basert på nostalgi og håpet om å gjenskape ei spelkjensle frå den tida datamaskiner hadde drivkrafta til ein moderne nesehårsklipper. Eg saknar kanskje meir nye måtar å fortelje historier på og ny spelmekanikk, enn finpolering av gamle – men gode – konsept.

Men Wagar har ein viss sjarm når han i det minste fokuserer på «den gode forteljinga»:

– Det viktige er den uforutsette og uoppdaga mogelegheita til å støype og forme tanken til ungdommar; det er ikkje noko større privilegium, eller noko tyngre ansvar, enn det.

Elles, denne kampanjen er langt frå den merkelegaste. Youtube-brukaren FPSRussia sitt Free to Play-spelprosjekt er mykje lengre ut på landet, og han får nok finansiert prosjektet sitt han òg (diverre?).

Kven er med på å starte ein Kickstarter for å hjelpe Drew Wagar til å nå Kickstarter-målet for å kunne støtte Elite-Kickstarteren?