Gamescom, Köln: I eit lite avlukke på Disney sin del av det store messeområdet til Gamescom sit Warren Spector. Av og til er han ein av historias mest framståande spelskaparar, av og til er han ein inspirator i speldebatten. I dag er han først og fremst ein Mikke Mus-fan.

Når eg kjem inn i rommet stirer han inn i ein laptopskjerm med eit titals nettleserfaner oppe. Alle inneheld orda «eBay», «Mickey Mouse» og «collectible» (samleobjekt – journ.anm.). Det er altså ingen kven som helst som har kreativ kontroll på Mikke Mus sitt hittil største inntog i dataspelverda.

Han klappar saman maskina med eit smell, og ser opp med eit smil:

— Hei! Eg er klar.

— Rolla til ein spelskapar er å spørje spørsmål

I den, trass alt, framleis relativt ferske spelindustrien, er Warren Spector som ein veteran å rekne. Sidan 1990, eit år han hadde heile tre spel på samvittigheita, har han påverka spelverda med sterke historier. Sjølv meiner han at det er vala som definerer spela hans.

— Alle spel eg har laga sidan eg byrja med Ultima VI i 1989 har handla – ikkje berre om val, men om val med konsekvensar. Det er mange spel som gir deg val, men ikkje så mange som viser deg både kostnaden og belønninga av vala du gjer.

Ultima VI (Foto: Origin Systems)
Ultima VI (Foto: Origin Systems)

— Det er ikkje så vanskeleg for meg å ta egoet mitt ut av skaparprosessen, det er meir enn nok input for spelskaparane allereie. Det viktigaste er at du ikkje kan tenkje på deg sjølv som ein forfattar av eit verk. Spel handlar ikkje om at eg skal forklare deg kva eg meiner er viktig med familie og vener, seier Spector.

Spector meiner at det ville vere dumskap å forklare spelaren kva dei skal gjere, å gi dei ein fasit på oppgåvene sine.

— Det er det bokforfattarar gjer, det er det filmregissørar gjer. Rolla til ein spelskapar er å spørje spørsmål, som ‘Kva trur du er den beste måten å løyse dette problemet på?’.

Les også: Stem fram historiens beste spillkonsoll – vinn en Wii U

Born og vaksne speler ulikt med ulike kontrollar

Warren Spector er heilt klart ein barnsleg sjel, som skulle ynskje at fleire levde ut sine indre barnslege gleder. I observasjonen av Wii-spela sine – både det første og det andre Epic Mickey-spelet – har han observert noko rart.

— Når du ser eit barn spele på Wii, så leiker dei berre. Dei kastar måling eller tynner rundt seg, dei leiker og har det moro, seier Spector, og svingar mikrofonen rundt seg.

Sjå Spectors leik med mikrofonen i videoen under

— Men, når du ser ein vaksen gjere det same, så tenkjer dei: ‘Kva vil dei at eg skal gjere? Eg vil ikkje sjå dum ut’.

Derimot meiner han at vaksne kjenner seg meir heime i spelverda med ein vanleg handkontroll, då vert dei meir som born igjen. Uansett kva ein skulle ende opp med å spele, har Spector ein beskjed til deg:

— Berre spray. Berre spray, ok? Stol på meg!

Melding: Epic Mickey: The Power of Two: — En hån mot Disney-arven

Besøkte Pixar, kalla dei gamaldagse

Warren Spector kjenner seg heldig. Sidan 90-talet har han fått vere med å definere spel, men han har ikkje mista gleda over å skape spel heilt enno.

— Eg arbeider med det beste mediet i verda. Eg er fyren som er dum nok til å gå til Pixar – dei spurte meg om korleis eg fortel ei historie i spel – så eg held eit foredrag der. Der sa eg, ‘Eg hjelper til med å lage underhaldning for det 21. hundreår, filmar er underhaldning for det 20. hundreår!’. Så vart det heilt stille. Vent, sa eg det til Pixar? Oops.

Les også: Topp 5: Pixar-filmar

— Men det er sant! Kor ofte får ein mogelegheita til å lage eit nytt menneskeleg uttrykkjingsmedie, kanskje ein eller to gongar i hundreåret? Eg og venene mine var heldige nok til å vere med frå starten.

I Junction Point Games har Spector innteke meir ei gururolle der han har meir overblikk over spelprosessen, utan å direkte ta så mange avgjersler på akkurat korleis spelet skal lagast. Han lagar det han sjølv kallar ein «kreativ boks» som spelet skal halde seg innanfor, der designarar og programmerarar kan operere fritt.

— Det er min jobb på dette spelet å passe på at 800 menneske lager eitt spel, ikkje 800 spel, seier Spector.

— Til sjuande og sist, dette er Mikke Mus – og ikkje for å spoile noko – men han kjem til å redde verda. Dette handlar om korleis du gjer det.