Ein miniversjon av Nintendo Wii er lekt – mest sannsynleg før tida – på den kanadiske sida til elektronikkjeda BestBuy. Konsollen skal ha lanseringsdato den 7. desember, og vert dermed lansert ei lita veke etter Nintendo Wii U (via Eurogamer).

Oppdatert: Ifølgje Nintendo – og namnet – er det ein mindre konsoll enn den opphavlege, som utelukkande kan spele Wii-spel. Den skal selgjast for 99.99 dollar ved lansering i Kanada, og har – merkeleg nok for ei maskin sluppe i 2012 – ingen måte å kople seg til nettet på.

Wii Mini. (Foto: Nintendo)
Wii Mini. (Foto: Nintendo)

Wii U kjem på den norske marknaden den 30. november, og Wii Mini skal etter alt å døme bli lansert den 7. desember. Ein kjapp telefon til norske spelkjeder tilseier at konsollen er ukjend for dei.

Framleis Wii-interesse

I lanseringsveka til Wii U solgte konsollen 400 000 eksemplar. Men interessa for Wii har heller ikkje slukna heilt, i løpet av den same veka selde Nintendo 300 000 av den 6 år gamle Wii, ifølgje CNet.

Les også: Wii U slår Nintendos egne rekordar

Dette vert ikkje første gong Nintendo oppdaterer sine litt eldre konsollmodeller. Både Nintendo og Super Nintendo fekk oppdatert, litt mindre versjonar, og den handhaldne DS-en er allereie ute i fire ulike versjonar.

Spørsmålet er kva planen deira med denne konsollen er. Den er nok billegare å produsere enn den den originale Wii, men ettersom Wii U kan spele alle Wii-spel, og Nintendo òg har stansa all produksjon av spel for den gamle Wii-konsollen – kven er denne tiltenkt til?

Kva skal ein med ein endå mindre Nintendo Wii?