Den etterlengta traileren til filmen The Mortal Instruments: City Of Bones kom ut for to dagar sidan – ei knapp veke etter innspeling.

Filmpolitiet tok ein prat med den norske regissøren Harald Zwart som står for neste års store fantasyfilm.

Høyr intervjuet  P3 i dag klokka 11!

– Traileren speglar filmen på fleire måtar: mystikken, at mykje av det kjennes verkelegheitstru ut, og at han har ei mørk kjærleikshistorie, meiner Zwart.

Twilight-fansen var fyrst

Det har lenge vore planlagt at traileren skulle kome ut tidleg.  Dette heng saman med både etterspurnad frå fansen og frå Sony.

I tillegg var det lenge planlagt kvar traileren fyrst skulle synast.

Traileren vart nemleg vist før premieren av Breaking Dawn part 2 – den siste filmen i Twilight-sagaen, i heile USA.

– Sjølv om fansen til bøkene ofte er litt eldre, så er det her kjernepublikumet ligg.

Difor meiner Zwart at det var eit sjakktrekk å syne dei fyrste bileta av filmen på visninga.

Ikkje «monster-movie»

The Mortal Instruments: City Of Bones, som på norsk skal heite Skyggejegerne: Demonenes by, er basert på fantasybøkene om Skygejegerne. Bøkene følgjer hovudkarakteren Clary, som finn ut at ho ikkje er ei heilt vanleg jente. Ho blir trekt inn i skyggejegerenes verd, der ho må kjempe mot vonde skapningar.

Skodespelarane i Skyggejegerne: Demonenes by. Frå venstre: Robert Sheehan, Jamie Campbell Bower, Lily Collins, Kevin Zegers, og Jemima West. (Foto/Copyright: SF Norge AS)

Serien er selt til over 30 land, og har blitt ein enorm internasjonal suksess. Berre i USA er dei fire første titlane selt i over fire millionar eksemplar. 

Serien har blitt samanlikna med både Twilight og Harry Potter. 

Zwart sjølv meiner ein kan sjå fleire likskapstrekk mellom Skyggejegerne og Harry Potter enn med Twilight.

– Me har ikkje laga ein «monster-movie».

Han fortel at han har vore mest oppteken av forholdet mellom karakterane og Clarys reise, og korleis han skal formidle det.

Meir å by på

Sjølv om Zwart er nøgd med traileren, lovar han at filmen har meir å by på.

– Me laga jo traileren lenge før me var ferdig med innspeling, så det manglar ein del.

Men han fortel også at dei planla innspeling etter traileren, slik at bileta som skulle vere med i teaseren, måtte dei skyte tidleg.

Det som står att no er mellom anna klippinga. Og det skal Zwart gjere heime i huset sitt i Santa Monica. 

– Då får eg jo vere mykje saman med familien min, noko som er det viktigaste for meg akkurat no.

Vil ikkje spå suksess

Filmen har fått mykje positiv merksemd, og har blitt spådd som ein stor suksess. Men Zwart vil ikkje for store forhåpningar.

– Viss det skjer, så er det gøy. Men viss ikkje, så håpar eg at dei som ser filmen er nøgde.

Filmen har premiere august 2013.