På TV er han best kjend som slasken Jake i TV-serien Two and a half men, men i røynda er Angus T. Jones meir målretta. I ein video frå det kristne nettverket Forerunner Chronicles har han gått ut offentleg for å åtvare mot serien han sjølv spelar i.

– Eg vil ikkje vere på den. Om eg gjer noko skade vil eg ikkje vere her. Eg vil ikkje bidra til [Satans] plan, seier skodespelaren.

– Ver snill, slutt å sjå serien, den fyller hovudet ditt med dritt.

Religiøs omkalfatring

Dei siste månadene har Jones blitt sterkt religiøs, noko som bidreg til argumenta hans mot TV-serien.

– Du kan ikkje vere ein gudfryktig person, og vere på ein TV-serie som det. Eg veit eg ikkje kan det. Eg er ikkje tilfreds med det eg lærer, kva Bibelen lærer, medan eg er på TV-serien.

Les også: «Two and a half men» vann pris i årets Emmy-utdeling

CBS har ikkje ynskja å kommentere videoen, ifølgje Deadline. Jones er derimot ustoppeleg.

– Folk seier det berre er underhaldning. Men gjer litt research på effekten TV har på hjernen din, så er eg viss på at du har nokre avgjerder å ta når det gjeld TV, spesielt på kva du skal sjå på.

Kan bety slutten for serien

For vel eit år sidan hadde Charlie Sheen ei liknande skulding mot TV-serien – dog frå den andre enden av det religiøse spekteret – som førte til at han vart kasta ut frå serien. Karakteren Charlie Harper døydde raskt etter Sheens fråsegn, og han vart erstatta av Ashton Kutcher.

Kva som vil hende med Jones – som nyleg vart 19 år – er uvisst, men utan to av seriens originalfigurar vert det mindre og mindre sannsynleg med ein ny sesong av serien.

Les også: Charlie Harper døde i natt

Tiande sesong av TV-serien nærmar seg no slutten på amerikanske TV-skjermar, med siste episode planlagd til den 6. desember. Ein ellevte sesong er det foreløbig ikkje sagt noko om, men verken Jones, Kutcher eller den tredje hovudpersonen Jon Cryer har kontrakt på fleire episodar.

Når burde ein TV-serie ta slutt?