I Bad Piggies har den finske utviklaren Rovio gått vekk frå dei forargra fjærkrea i Angry Birds. I staden er dei grøne grisane som skal frakte seg sjølv og dei stolne egga til målet sitt.

Dette gjerast ved å utstyre grisane med enkle doningar av boksar, hjul, rakettar og ulike delar som kan gjere alt frå å gi flygefart til å halde framkomstmiddelet på bakken (om enn midlertidig). Utsjånaden og kjensla er veldig lik som Angry Birds, med fleire temabaserte nivåer der tre stjerner kan kasserast inn per brett.

Desse stjernene bygger opp eit større arsenal av deler som du kan nytte i ein eigen sandboksmodus der du verkeleg kan la kreativiteten flomme.

Nei, kanskje ikkje, eg prøver igjen. (Skjermskot frå Bad Piggies)
Nei, kanskje ikkje, eg prøver igjen. (Skjermskot frå Bad Piggies)

Treng du 12 propellar og fire paraplyar for å få tak i dei 20 stjernene dine? Nei, men det gjer det iallfall meir interessant å løyse problema som spelet kastar mot deg. Prøv og feil på sitt beste!

Melding: Angry Birds: — Underholdende, sjarmerende og utfordrende

Meir givande enn Angry Birds!

På mange måtar føretrekk eg denne serien framfor Angry Birds. Der dei fleste banene i fugleserien har éi løysing, som kanskje kan framskyndast ved å vere heldig, kjennest Bad Piggies litt mindre tilfeldig. Etter kvart tileigner ein seg òg nokre taktikkar som kan fungere på tvers av baner, spesielt i den større sandboksmodusen.

Som alle store mobilspelsuksessar – og især dei frå Rovio – er det eit element av pengeforbruk her. Går du tom for baner eller fantasi er det alltids mogeleg å kjøpe seg meir innhald eller hjelp for ein billeg penge.

Ei slags felle? Kanhende, men dei små summane eg har nytta på dette spelet har uansett vore verd dei timane eg har satt saman merkelege transportmiddel for grisane mine. Det er ikkje stor spelkunst, men med enkle mekanikkar skaper det eit spel som kan spelast om igjen og om igjen.

Pris: 7 kroner i App Store, gratis på Android Market.

Om SPILLET