Seth McFarlane, skaparen av Family Guy, skal stemmeleggje ein figur i TV-serien The Simpsons. Sidan første sesong har Simpsons vore kjend for å få med store personlegheiter i Hollywood som større eller mindre figurar, og McFarlane er ikkje noko unnatak.

I første episode av 25. sesong skal han gi røyst til Ben, ein figur som prøver å forføre Marge vekk frå Homer, melder Entertainment Weekly. Episoden skal på lufta i 2013.

Laugh It Up Fuzzball: The Family Guy Trilogy (Foto: SF Norge AS)
Figurane Seth McFarlane er mest kjend for (Foto: SF Norge AS)

Slik sett sementerer han eigentleg den venlege rivaliseringa dei to programma imellom.

Les også: McFarlane planlegger ny westernkomedie

Planer om «Family Guy»-film

Nyleg avslørte òg McFarlane at han planlegg å lage ein film basert på universet han har skapt i TV-serien. Men han vil ikkje gjere det på same måte som i The Simpsons Movie:

— Eg syntest Simpsons-filmen var morosam, men det er ei historie dei kunne ha gjort på TV, seier han til Entertainment Weekly. Han meiner animasjonens fridom kan vere eit problem når ein vil filmatisere.

— I animasjon kan du i allereie gjere det du vil, så kva er då motivasjonen for å lage ein film? Me har endeleg funne svaret – det vil bli noko som er umogeleg å gjere på TV.

Korvidt svaret er ei historie som er for stor for TV-skjermen, tiradar med stygge ord og situasjonar ein ikkje får lov til å sende på vanleg TV, eller noko heilt anna ville han ikkje seie noko om.

Hans førre film, rølpekomedien Ted, gjorde det iallfall godt nok til at han neppe forlet filmbransjen med det første.

Les også: Filmbamse har tent over 1 milliard i USA

Venleg rivalisering

Trass at dei to programma – og den tredje konkurrenten South Park – ofte har meir eller mindre venlege stikk til kvarandre, er det ikkje første gongen McFarlane er innom Simpsons-skapar Matt Groening sine prosjekt.

Tidlegare har han blant anna sunge introduksjonslåten til Futurama-filmen Into the Wild Green Yonder (du kan høyre den i videoen til høgre).

McFarlane skal òg vere vert for Oscar-utdelinga på nyåret, ein jobb han tek over for den litt meir familievenlege Billy Crystal. Ein kan forhåpentlegvis vente seg litt meir spenstige fråsegn frå McFarlane, sjølv på den veldig kontrollerte Oscar-utdelinga.

Oscar 2013: Seth McFarlane skal lede utdelingen

Simpsons har tidlegare hatt ulike innhopp i Family Guy, både via stemmeskodespelaren Dan Castellaneta, og ved fleire figurars småinnhopp – der dei gule Springfield-innbyggjarane stort sett vert gjort narr av.