Smått om senn dukkar meldingane av Hobbiten opp. Etter urpremieren i New Zealand i førre veke har kritikarane ruga på orda og i morgontimane i dag har dei fått lov til å leggje ut sine meiningar om den komande filmen.

Peter Jacksons attendekomst til Midgard, J.R.R. Tolkiens fantasyverd, fortel historia om Bilbo Baggins sine yngre dagar og ferda med ein skokk dvergar mot Det einsame fjellet og farane som trugar der.

Dette er den første i ein ny Peter Jackson-trilogi med Martin Freeman i hovudrolla. Boka Hobbiten fortel historia om kva som hendte før Ringenes herre-filmane.

Les også: Ny Tolkien-trilogi frå Peter Jackson

Fleire bilete per sekund – «for ekte»?

Lenge, veldig lenge, har film blitt vist med ein fart på 24 bilete per sekund. Fleire bilete per sekund fører til meir skarpe rørsler og dermed ein noko meir ekte utsjånad på det filma materialet.

Men det kan òg føre til at det ser meir ut som ei nyheits- eller sportssending enn filmutsjånaden folk er vant til i kinosalen. Når Peter Jackson no vil ta steget over i heile 48 bilete per sekund (såkalla HFR – high frame rate), er det mange som reagerer på det.

Gollum - Hobbiten. (Foto: SF Norge)
Fleire meldarar seier at Gollum er like god som for ti år sidan, berre med endå fleire detaljar. (Foto: SF Norge)

Jim Vejvoda i IGN Movies meiner at den auka biletefrekvensen gjer til at det ser meir ekte ut – nesten «for ekte», noko som kan føre til at eskapismen i eit slik eventyr vert vekke:

– Det ser ut som den dyraste BBC- eller PBS-produksjonen nokosinne. Eg er glad eg såg den med 48 bilete per sekund, men meir glad eg såg den først med 24 bilete per sekund. Filmen ser flott ut med 24 bilete òg.

Han meiner at verken 3D-en eller den auka biletefrekvensen er verdt ein høgare billettpris.

Melding: LEGO Lord of the Rings: – Alt kan LEGOfiseres, også Ringenes Herre

Dave Trumbore i Collider meiner at dei meir tydelege detaljane i tillegg blottstiller ein del dårleg effektarbeid. For dei fleste anmeldarane elles verkar det å vere eit noko uvant fenomen som det tek ein liten time å bli vant til.

I Noreg vert båe versjonane vist. Det store fleirtalet vert nok den gamaldagse visninga, men heile 57 kinoar – både i dei største byane og mindre tettstader – viser HFR-versjonen. Filmweb.no har ei oppdatert oversikt over kinoar som viser HFR-versjonen.

Elrond og Gandalf - Hobbiten. (Foto: SF Norge)
Fleire av dei gamle karakterane er attende, og dei får mykje skryt. Her Elrond og Gandalf. (Foto: SF Norge)

Meir barnsleg, men ikkje naudsynlegvis barnevenleg

Variety sin kritikar, Peter Debruge, liker at filmen har teke opp det barnslege frå boka – deriblant songane og dei barnevenlege figurane – men likevel har den mykje til felles med Jacksons førre trilogi.

– Den er ikkje noko snillare mot små blærer eller lettpåverkelege auger, og er like lang og valdeleg som Jacksoms opphavlege trilogi, skriv han.

Melding: The Lord of The Rings – Extended Edition: – 12 timars speletid er akkurat passe!

Den hittil mest negative meldinga kjem frå The Box Offices James Rocchi, som meiner du kan ta med borna, om du held hendene for auga deira i det mest valdelege scenene. Han lovpriser Martin Freeman som Bilbo, men meiner problemet eigentleg ligg i kjeldematerialet.

– Tolkien kunne finne opp namn og språk, men han kunne ikkje skrive eit plott om du heldt ein pistol mot han!

Martin Freeman får mykje skryt for sin portrettering av den yngre Bilbo. (Foto: SF Norge)
Martin Freeman får mykje skryt for sin portrettering av den yngre Bilbo. (Foto: SF Norge)

Stappfull av nerdedetaljar

Fleire av anmeldarane, deriblant Hollywood Reporters Todd McCarthy, meiner dog at Jackson kan ha ofra filmens historie for å få med fleire nerdedetaljar frå Tolkiens univers:

– Dette er noko millioner av stordans av hans Ringenes Herre-trilogi vil fråtse i. Som film derimot er den litt treig, med frykteleg mange forklaringar og ein mangel på sterk framdrift.

Men når filmen først kjem i fart er den spennande. Den lokale avisa New Zealand Heralds Russell Baillie meiner filmen rullar som ein snøball når den kjem i gang.

– Sjølv om det går an å argumentere for at den er betre enn Ringens brorskap, er det heilt klart ei betre berg-og-dal-bane!

Sjå teikningane: Vinnarane av vår «Hobbiten»-teiknekonkurranse

For dei som er opptekne av slikt, norsk premiere er 12. desember – to dagar før filmen vert vist i USA.

Eg trur det vert spennande å sjå spelarar sin reaksjon på dette, dei plar vere meir vande til fleire bilete per sekund.