Hugsar du Jumanji, ein av 90-talets store eventyrfilmar? Filmen som omhandla det overnaturlege brettspelet med same namn, er eit kjært minne frå barndommen min. Men i ettertid har den kanskje ikkje heldt seg like godt?

Det vil Columbia Pictures gjere noko med. Tidlegare i sumar snakka produksjonsselskapets sjef Doug Belgrad om at dei tenkte på ein ny film – «for å oppdatere til vår tid», og no får prosjektet fleire og fleire namn knytt til seg seg, ifølgje THR.

Manusforfattar er Zach Helm, som tidlegare har skrive den vakre Will Ferrell-perla Stranger than fiction, samt den ikkje like minnerike Den magiske leketøysbutikken (sistnemnde regisserte han i tillegg).

Melding: De fem legendene: – En passe spennende film med visuelt overskudd!

Ei av fleire minneverdige scener frå «Jumanji»

Reimagining – når ordet remake ikkje er godt nok

Den nye filmen skal vere ein såkalla «reimagining» – eit fint ord nokre distributørar nyttar fordi «remake» har fått eit dårleg rykte. Den skal basere seg på biletboka av Chris van Allburg som var opphavet til både filmen og den animerte TV-serien med same namn.

I boka – og filmen – finn to ungdommar eit forlate brettspel. Ut frå spelet dukkar ein mann opp som har vore fanga i spelet sidan han var eit barn, og dei må saman spele til spelets slutt for å stanse hordar av farlege jungeldyr frå å rasere den verkelege verda.

Om (den undervurderte?) Captain America-regissør Joe Johnston returnerer til ein av seriane som gav han eit namn i Hollywood seiest det ingenting om.

Mon tru om dei klarar å fange den same skumle, men likevel barnlege stemninga i den opphavlege filmen?

Kva filmar frå barndommen vil du ha ein ny versjon av (og kva vil du absolutt ikkje at skal lagast på nytt)?