Me er no inne i den mest avgjerande tida for dei som er interessert i ein Oscar-pris, som – lat oss vere ærlege – strengt talt er omtrent alle i filmbransjen.

Kon-Tiki er det norske bidraget til Oscar-prisen Beste utanlandske film, og jaktar saman med dei fleste ikkje-engelsk-språklege land så mange nominasjonar og så mykje omtale som mogeleg i tida før januar – då Oscar-nominasjonane vert avslørte.

Melding: Kon-Tiki: – Eventyrlysten tyter ut av filmruta!

Alltid positivt med omtale

Det kan difor umogeleg skade at filmen no er nominert til to Satelite Awards – ein pris utgitt av International Press Academy, ein organisasjon for underhaldningsjournalistar. Éin nominasjon for beste internasjonale film, éin for beste lyd, ifølgje THR.

Kon-Tiki-produsent Aage Aaberge at han er usikker på viktigheita av nominasjonen i seg sjølv, men at det sjølvsagt er bra for filmen.

– Eg ser jo at den skaper ein del positiv presse. Dette er bra for oss i den Oscar-kampanjen me har for tida saman med vår distributør, The Weinstein Company, og det aukar håpet om at me kan bli kortlista til prisen for beste framandspråklege film i byrjinga av januar, seier Aaberge til Aftenposten.

The Weinstein Company var det same selskapet som stod for Oscar-kampanjen til både fjorårsvinnaren The Artist, og Kongens tale som vann året før det igjen.

Slik vinner du en Oscar: Weinsteins Lisa Taback står bak flere vellykkede Oscar-kampanjer

Video frå Varietys visning av filmen

Hard motstand

Eit ledd i kampanjen opp mot Oscar-sendinga er blant anna spesialvisningar med regissørsamtalar etterpå.

Målet er først og fremst å bli kortlista – å bli ein av ni kandidatar som vert avslørt den 3. januar – før dei endelege nominasjonane er klare den 10. januar.

Austerrikske Amour, franske De urørlige, sveitsiske Min søster, samt danske En kongelig affære er blant filmane som vert rekna som dei som er mest sikra til å få nominasjonar.

Melding: En kongelig affære: — Storslått dansk kostymedrama imponerer!

Fleire nettstader reknar i tillegg Kon-Tiki som like utanfor topplista blant dei sannsynlege nominasjonane for prisen.

Heime i Noreg ligg Kon-Tiki an til å bli årets mest sette film på kino før julerushet set inn i kinosalane. Med heile 878.827 ledar den ganske klart over dei andre filmane, men ser ikkje ut til å toppe regissørane sin førre film Max Manus.

Kven trur du har best sjansar i Oscar-racet i januar?