Peter Jackson er ein travel mann. Er han ikkje før ferdig med den første av tre Hobbiten-filmar, er han allereie klar for å gjere neste prosjekt, oppfølgjaren til På eventyr med Tintin: Enhjørningens hemmelegheit. Alt dette medan han snart skal gjere utvida opptak til sin andre Tolkien-trilogi.

Trass litt magre inntekter i USA gjorde Tintin det veldig godt i Europa. Den belgiske teikneseriehelten slo an, godt hjelpt av sterke namn som regissør Steven Spielberg, ei rekkje kjende namn på plakaten og eit henrivande manus.

Peter Jackson og Steven Spielberg. (Foto: NRK)
Peter Jackson og Steven Spielberg. (Foto: NRK)

Samtidig som «Hobbiten»-oppfølgjar

Planen har alltid vore at Peter Jackson, som var produsent på den første filmen, skulle bytte roller med Spielberg og regissere den andre filmen i rekkja.

På presserunder i Belgia har Jackson uttalt at Tintin-filmen framleis er på plass, trass at Hobbiten-innspelinga enno ikkje er ferdig.

— Forhåpentligvis finn me tid neste år til å skyte motion-capturen for den andre Tintin-filmen, samtidig som postproduksjonen av andre del av Hobbiten-filmen, uttaler han til fransk-belgiske RTBF (via BleedingCool)

Avgjersla om å lage ein trilogi til gjer at Jackson ikkje er heilt ferdig med filminga i Midgard. Det er uvanleg å halde på med to så store prosjekt samtidig – men med god hjelp av Spielberg på Tintin og medregissør Andy Serkis på Hobbiten-filmane bør det nok vere mogeleg.

Video: Slik gjøres motion-capture på Tintin

Går ut mot trilogikritikken

Utvidinga av Hobbiten til tre filmar har ført til kritikk mot Peter Jackson fordi mange føler at den korte boka vert utstrekt for å tene fleire pengar. I samanheng med premiera har Jackson gått ut og forsvart dei utvida scenene som ikkje er i den opphavlege boka.

— Omtrent alt kjem rett frå Tolkien. Han skreiv mange notat for ein utvida versjon som han skulle kome attende til etter Ringenes Herre. Det var element då han såg attende på Hobbiten som han skulle ynskje han hadde inkludert, seier Jackson til Zeenews

— Men han fekk aldri gjort det. Notata vart først publisert etter hans død, så me hadde tilgang på mykje av det. Alle utvidingane er basert på ideane Tolkien utforska.

I eit fråsegn seier Jackson at hovudmålet hans alltid var å tilfredsstille Tolkien-fansen.

Anmelding: Hobbiten – en uventet reise: — Jeg elsker å være tilbake i denne verden!

Tintin og soltempelet. (Foto: Egmont Serieforlaget)
Tintin og soltempelet. (Foto: Egmont Serieforlaget)

Inkaforbannelsar i vente

Manuset for den komande Tintin-filmen er skrive av Anthony Horowitz – ikkje Steven Moffat og Edgar Wright – og skal etter alt å døme vere basert på teikneseriane Soltempelet og Det hemmelige våpenet.

Det er dermed venta at me får sjå både skumle inkaforbannelser og internasjonal jakt på masseøydeleggingsvåpen i den komande filmen, og om me skal tru Jackson kjem Tintin-oppfølgjaren i 2015 – etter at dei tre Hobbiten-filmane er ferdige.

Gler du deg til fortsetjinga på Tintin-filmane?