Leonardo DiCaprio er kanskje best kjend for ulike varianter av helterolla – frå sjarmør i Titanic til hardbarka politimann i The Departed.

Men når han først skal spele ordentleg skurk, vil han visst gjere det med stor overtyding. I Quentin Tarantinos neste voldsepos, Django Unchained speler han Calvin Candie – eigar av plantasjen Candyland, ein stad der noko av underhaldninga mellom anna er slavekampar.

Christoph Waltz og Jamie Foxx i «Django Unchained». (Foto: The Walt Disney Company Nordic)
Christoph Waltz og Jamie Foxx i «Django Unchained». (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

— Går me for langt?

I eit intervju med Vibe Magazine (utdrag via Yahoo Movies), som sjølvsagt er eit spissa ledd i filmens PR-kampanje, uttaler DiCaprio at han på eit tidspunkt var skeptisk til å halde fram med rolla.

— Eg hugsar den første gjennomlesinga, eg måtte spørje om valdsbruken, bruken av rasisme, utbreidd bruk av ein viss type språk, seier DiCaprio.

— Spørsmålet eg umiddelbart sat igjen med var, ‘Går me for langt?’.

Regissør og manusforfatter Quentin Tarantino meiner Candie er verre enn noko han har skrive før:

— Han er den første skurken eg nokosinne har skrive som eg ikkje liker. Eg hatar Candie, og vanlegvis liker eg skurkane mine uansett kor onde dei er.

Tidleg Oscar-snakk

Tarantinos førre filmskurk – oberst Hans Landa, spelt av Christoph Waltz – vann Oscar for beste mannlege birolle i filmen Inglourious Basterds. I år er Waltz rykka opp til hovudrolla som Dr. King Schultz, saman med Jamie Foxx som slaven Django.

Django Unchained rullar på ryktebørsen som mogeleg Oscar-kandidat etter tidlege publikumsmottakingar. Kanskje har tida komen for DiCaprios første Oscar?

Han har hatt fleire nominasjonar tidlegare – blant anna for Blood Diamond og Hva er det med Gilbert Grape? – men er hittil upremiert.

Django Unchained får norsk premiere 18. januar til neste år.

Kva forventer du av Django Unchained? Legg att ein kommentar under den nyaste traileren for filmen.