Eg har lenge hatt ein fascinasjon for dårleg film. Sånn skikkeleg dårleg film. Kanhende er det berre dårleg tidsprioritering frå mi side, men ja – dette betyr filmmaraton med filmar frå IMDB si liste over 100 verste filmar, deriblant kultklassikarar som Plan 9 from outer space og Dis.

Av og til kan det vere litt vanskeleg for meg å skilje mellom artig og så-dårleg-at-det-vert-artig film, noko som eg mistenkjer kan vere årsaken til at eg faktisk koste meg med Ghost Rider – Spirit of Vengeance. Ikkje spør. Det er komplisert.

Eit felt som er stappfullt av dårlege historier er julefilmen. For kvar Love Actually og It’s a wonderful life har ein eit tonn med søtladne suppegreier, og for kvar Die Hard finn ein dårlege actionfilmar som tifeldigvis har noko juleaktig i tittelen for å innkassere på høgtida. Og eg har sett for mange av desse filmane.

Difor tenkte eg å smelle saman ei liste over dei verste julefilmane eg veit om. Desse kan du anten unngå som pesten, eller eventuelt sjå for éin av to grunnar:

  1. Som ein reinselsesprosess før den glade juletid tek til på ordentleg
  2. For moro skuld, fordi pute-TV «er ganske digg faktiskt»

Det er for mange boblarar til å nemne her, og fleire av filmane kunne like godt ha stått på lista. Ein av dei er julenissekostymehorrorfilmen Silent Night, Deadly Night, men den kosar eg meg for mykje med til å ha samvittigheit til å ta med her!

Surviving Christmas (2004)

2004 var ikkje eit godt år for Ben Affleck. Den same sumaren hadde Jennifer Lopez-kalkunen Gigli floppa fullstendig, og no stod juletida for dør.

I Surviving Christmas vil den uhøflege milliardæren Drew oppleve den ekte julestemninga, så han ringer alle på kontaktlista si. Overraskelse, ingen vil feire den med han.

Difor betaler han familien som no bur i barndomsheimen hans for å vere med han i jula – gjennom ei kontrakt som pålegg dei å late som dei er slekta hans. «Vill» humor påfølgjer, deriblant i form av eit manus som skal framførast ved matbordet, og tvungen julesanghygge.

James Gandolfini speler ei sentral birolle i denne Surviving Christmas, som kom ut midt i Sopranos-tida. Fuglane veit kva han og agentane hans tenkte på.

Intervju: Ben Affleck: — Eg får fram det beste i skodespelarane mine!

Alene hjemme 4 (2002)

Alene hjemme og Alene hjemme 2 er juleklassikarar, som vert sendt så mange gongar i reprise kvar jul at det omtrent er vanskeleg å unngå dei. Alene hjemme 3 er… heilt ok, men manglar magien frå byrjinga av 90-talet. Alene hjemme 4 er ei forbryting mot menneskeheita.

Formelen er den same. Ein gut er heime åleine, vert rana av eit lite koppel skurkar, men overvinner dei med stor innsikt i fysikk og fellemakeri. Den manglar likevel det viktigaste.

Litt av det som gjorde dei to første filmane så gode er at det alltid er eit faktisk spenningselement der. Skurkane – om enn så inkompetente – ser og kjennest ut som dei faktisk ville ha drept Kevin om dei fekk tak i han. Han har kilt den sovande draken, rørt i vulkanen med ein pinne, og truffe harmen i Harry og Marv.

I den fjerde filmen i serien er skurkane redusert til fallende idiotar. Dersom dei skulle få hendene på Kevin ser eg for meg at dei i verste fall hadde peikt trugande på han, og kanskje kalt han snørrunge. Ikkje nok med det, nyleg kom det ein femte Alene hjemme-film. Eg trur eg bør få sjekka meg for potensielle magesår før eg velgjer å sjå den.

Les også: Topp 10: Julefilmer

Santa with Muscles (1996)

Det er mange amerikanske wrestlarar som har teke – det eigentleg veldig korte – steget over i skodespelarbransjen. Med varierande hell. Då Hulk Hogan allereie var blitt 43 år, i 1996, følte han at det var på tide å ha sine eigne filmar.

Dermed tek han hovudrolla som den onde bolemillionæren Blake, som får hukommelsestap etter å ha slått hovudet medan han – i nissedrakt – spring frå politiet. Misforståelsar med fører til at han trur han er julenissen.

Legg til ein anna ond millionær, ein barneheim, og Hulk Hogan som banker opp folk på grunn av magiske krystallar, så får du Santa with Muscles – ei av dei tristaste forsøka på å tjene pengar på julehøgtida nokonsinne.

Dette var faktisk ei av Mila Kunis sine første filmar, og her speler ho blant saman med Don Stark. Båe to skulle seinare spele i That 70s Show. Så fekk du iallfall ein fun fact ut av denne artikkelen.

Anmelding: WWE ’13: — Tidsreise i wrestlinghistorien

Santa Conquers the Martians (1964)

Det høyrest ut som ein fin blanding, ikkje sant? I ein tidleg versjon av den same «kva hender dersom dei møtest»-tankeprosessen som seinare gav oss filmar som Cowboys & Aliens, fekk me filmen Santa Conquers the Martians.

Bebuarane på Mars er bekymra for borna sine. Dei har blitt TV-slavar, sløve tilbedarar av TV-en og forbrukarsamfunnet. Ein vis gammal marsmann har sett utviklinga i fleire hundre år allereie, og anbefalar at borna må ha det gøy. Dermed – i verdas mest logiske plottvending – bestemmer dei seg for å kidnappe forbrukarsamfunnets frontfigur, julenissen.

Ikkje overraskande – det vert jo allereie spoila i tittelen – julenissen hamlar til slutt opp med faren på sin eigen måte, og Mars får sin heilt eigne nissefar.

Santa Conquers the Martians er av mange rekna blant verdas verste filmar – juletema eller ei – og fekk ei oppvåkning då den vart vist av TV-programmet Mystery Science Theater 3000 på 90-talet.

Dette er ein film du både bør unngå, men samtidig få med deg. Men ikkje forvent å kose deg eller å kome i julestemning.

Anmelding: Rare Exports: — Mørk, makaber og mystisk nissefilm

Star Wars Holiday Special (1978)

Kvar skal eg byrje?

Året etter at Star Wars: A New Hope kom ut ville George Lucas halde filmane friskt i minne. Difor vart ein totimers julespesial laga – av andre enn Lucas, får eg vel legge til.

Med unntak av å introdusere Boba Fett for verda, er denne filmen ei lang rekke dårlege avgjersler. Alle dei viktigaste figurane i filmane er samla på heimplaneten til Chewbacca for å feire jule-etterlikninga Life Day.

Dermed får du scener med far til Chewbacca som «koser seg» til ei virtuell syngedame, prinsesse Leia som syng oppå Star Wars-musikk og eit lite gymnastikknummer – fordi folk fortener litt sirkus.

Video: Vil Filmpolitiet egentlig ha flere Star Wars-filmer?

Denne julespesialen har aldri blitt offisielt lansert, og har berre overlevd til notida på grunn av ulike heimeopptak på VHS som har funne vegen til offentlegheita. George Lucas skal visstnok på eit tidspunkt ha sagt at «om eg hadde tida og ei slegge, så skulle eg ha spora opp alle eksemplar av programmet og knust det».

Carrie Fisher har sagt i eit intervju at ho eig eitt eksemplar av filmen, som ho fekk av Lucas personleg for å gjere kommentarsporet på Star Wars-DVD-ane. Ho viser den visstnok fram på fest!

Kva er den verste julefilmen du veit om?