Oppdatert: Den nye sesongen har premiere 26. mai 2013.

Sagaen om Bluth-familien har fått ein ny dato. På ei kritikerkonferanse i California i natt vart det avslørt at fjerde sesong av TV-serien Arrested Development kjem den 14. mai, melder blant andre USA Today.

TV-serien Arrested Development gjekk på TV frå 2003 til 2006, men vart kansellert etter tredje sesong på grunn av låge sjåartal – til trass for hyllestar frå fans og kritikarar. Men i 2011 vart det kjend at serieskapar Hurwitz ville lage ein ny sesong. Netflix hadde vunne bodrunde over Showtime, og resultatet skulle bli ein fjerde sesong som leidde opp mot ein film.

Arrested Development - I blue myself. (Foto: Fox)
Arrested Development–I blue myself. (Foto: Fox)

Prega av intern humor

I sentrum av seriens handling er dei ulike medlemene i Bluth-familien. Michael Bluth (Jason Bateman) må følgje si dysfunksjonelle slekt som på ulike måtar lever ut sine ekstravagante personlegdomstrekk.

Serien vart lovprisa for humoren, som ofte kunne bere preg av interne vitsar. At ein burde ha følgt historia heile vegen for å forstå alt, var kanskje ei av årsakene til dei låge sjåartala.

– Ei av årsakene til at Arrested ikkje vart omfamna då det kom var fordi det ikkje var så lett å oppsummere det i hovudet, sa Hurwitz på pressekonferansa.

– Det var litt stoltheit i det; Eg ville lage ein serie som har overraskingar. Men det er det dei vil [hjå Netflix]. Dei tek risikoar. Dei oppfordrar til kompleksiteten som eg vart fråråda til før.

Trailer for første sesong av House of Cards

Heile sesongen samtidig

I likskap med februar-premiera på serien House of Cards med Kevin Spacey i hovudrolla vil òg heile sesongen av Arrested Development kome til streamingtenesta deira samtidig, over heile verda. Alle 14 episodane dukkar opp i mai, noko som var utenkjeleg for Hurwitz då han la ned serien i 2006.

– Eg tenkte absolutt ikkje på det i form av TV, seier han ifølgje USA Today. Med Netflix-modellen kan han fokusere på andre ting enn i vanleg TV, med ein episode kvar veke.

– Erfaringa med å vente på neste episode tvinger fram skapinga av kunstige «cliffhangers» (uløyste trådar på slutten av ein episode – journ. anm.) som til sjuande og sist vatnar ut historieforteljinga, seier Ted Sarandos, innhaldssjef i Netflix.

Ifølgje episodeplanen kan det sjå ut som om kvar episode er tileigna eit enkelt familiemedlem som ei opplading til filmen. Eit av rykta om filmens handling er at familiens yngste, Maeby, skal lage ein film om familien sin – noko som for så vidt passar med seriens sjølvrefererande morosamheiter.

Andre Netflix-seriar

I tillegg til Arrested Development har Netflix òg sloppe den første traileren for skrekkserien Hemlock Grove, frå blant andre Hostel-regissør Eli Roth, med stjerner som Famke Janssen og Bill Skarsgård framfor kamera.

Eit mystisk drap i småbyen Hemlock Grove skaper oppstuss, og jakta på mordaren fører til ryktebluss og merkelege oppdagingar.

I løpet av året vil dei òg kvinnefengselkomedien Orange is the new Black og er amerikansk distributør av Ricky Gervais-serien Derek, og norske Lilyhammer.

Kva er fordelane ved å sleppe ein heil sesong samtidig? Og kva er ulempene?