Det fargefylte universet frå Sin City-filmane styrker galleriet sitt. Tidlegare i januar vart det kjend at Joseph Gordon-Levitt får ei rolle i filmen, no er òg Eva Green (Casino Royale) og Julia Garner (The Perks of being a wall flower) med på oppfølgjaren til den visuelt sterke filmen frå 2005. Det melder blant andre The Wrap.

Sin City: A dame to kill for er basert på den andre boka i Frank Millers teikneserieunivers som fokuserer på den manipulerande Ava Lord.

Det er denne farlege dama Eva Green skal spele.

Bond-dame får ny by

Ho er kanskje best kjend som Bonds tapte kjærleik Vesper Lynd frå Casino Royale. Som Birger sa den gong: «Bond har ikke hatt tettere kjemi med en Bond-dame noen gang». Lovande for ei kvinne som skal vere både forførande og farleg.

Ava Lord fra Sin City. (Bilde: Dark Horse Comics)
Ava Lord frå Sin City. (Bilde: Dark Horse Comics)

– Ava Lord er ei av dei mest dødelege og fascinerande innbyggjarane i Sin City, skriv regissørane Robert Rodriguez og Frank Miller i eit fråsegn.

— Heilt frå byrjinga visste me at skodespelaren måtte kunne lekamleggjere dei mangefasetterte eigenskapane til denne «femme fatale». Det fann me i Eva Green.

Anmelding: Casino Royale: – Moderne, tøff og forelska Bond!

Nokre nye, mange gamle

Julia Garner skal spele (endå) ein av byens prostituerte, som skal dele skjermen med Joseph Gordon-Levitts karakter Johnny – ein ung gambler som er nyskriven for filmen.

Manuset er skrive av Miller og William Monahan. Sistnemnde skreiv òg Scorsese-filmen The Departed, ein anna gangsterfilm med stor suksess.

Mickey Rourke, Jessica Alba, Bruce Willis, Rosario Dawson, Jamie King og Michael Madsen returnerer i rollene dei hadde frå den første filmen.

Rollelista byrjer dermed å bli full for filmen, som allereie har store namn som Josh Brolin, Dennis Haysbert, Ray Liotta, Christopher Meloni, Jeremy Piven, Juno Temple og Jamie Chung med.

Anmelding: Sin City: – 2005s beste film

Sin City: A dame to kill for har planlagd Noregspremiere den 18. oktober 2013.

Har du lest teikneseria som filmane er basert på?