Lanseringa av filmen Hansel & Gretel: Witch Hunters har vore i emning lenge. Den er filma i 2011 og skulle opphavleg dukke opp på kino i 2012, men grunna ei heil rekkje hendingar får den ikkje kinoslepp før i år.

Førre veke hadde den russisk premiere, til besøkstal som faktisk slo Django Unchained. Ein god start for Paramount og Wirkola, som nok har sikta seg inn på det russiske publikummet – velkjend for å like litt småcorny actionfilmar.

Les også: Wirkola slo Tarantino – i Russland

Lovprisar universet

Før den amerikanske premiera – i morgon, 25. januar – er det yttarst få internasjonale anmeldarar som har fått sett filmen. Eit av få medium som har fått sjå filmen tidleg er Twitchfilm – ein skrekkblogg som tidlegare har vore venleg innstilt til fleire av Wirkolas filmar, både splatterfesten Død snø og bisarr-TV-serien Hellfjord.

Er Hansel & Gretel nøgde med det dei les. (Foto: SF Norge)
Er Hansel og Gretel nøgde med det dei les? (Foto: SF Norge)

– Filmens verkelege styrke er Wirkola og hans engasjement for å omfamne perioden og fantasysettinga, i staden for å gjere narr av det, skriv James Marsh i Twitchfilm.

– Dette er trass alt ei historie om hekser, troll, magi og hus laga av godteri. Likevel klarer Wirkola å tolke det som ein splatterfest, tjokkfull av eksploderande kroppar, knuste hovudskallar, avkappingar og til og med litt nakenheit.

Den landsdekkande russiske avisa Kommersant er litt meir tilbakehalden:

– I filmen demonstrerar Wirkola igjen sin gode sans for blodig vald, og sin svake sans for humor. I det heile teke er eventyret om Hansel og Gretel ei tilsvarande umorosam fortekljing som hans snø-zombie-horror-film (Død snø – journ.anm.), skriv avisas anmeldar.

I Filippinane får filmen premiere i kveld. Den lokale underhaldningsbloggen Starmometer kallar den «passande mørk, herleg edgy»:

– Den tøffe tilnærminga til Wirkola er prisverdig, skriv anmeldaren «cd».

Wirkola i Hollywood: – Eg gler meg til å vise det til Noreg

Famke Janssen tok rolla for pengane

Den filippinske nyheitsnettstaden Click the City meiner filmen kan minne om Sam Raimis sjølvbevisste action, men at hovudfigurane vert for stoiske til å engasjere i det spesielle miljøet.

– Filmen klarer ikkje heilt å velje ein tone, og resultatet kjennest meir generisk enn det burde vere.

Famke Janssen i «Hansel & Gretel: Witch Hunters». (Foto: SF Norge)
Famke Janssen i «Hansel & Gretel: Witch Hunters». (Foto: SF Norge)

Birollene, som Peter Stormares sheriff, og Famje Janssens sjefsheks får skryt for å vere artig krydder i filmens univers – sjølv om sistnemnde kanskje ikkje slår ut i full blomst.

Famke Janssen har tidlegare sagt at ein av hovudgrunnane til at ho tok rolla var at ho trengde pengar for å nedbetale gjeld. I eit nyleg intervju med Shock til you drop, utvida ho det til at ho òg var imponert over Wirkolas vri på det klassiske eventyret.

Av Twitchfilm vert Jeremy Renner – som sidan innspelinga av denne har rukke å bli stor med både The Avengers og Bourne Legacy – omtala som «ironisk nok filmens svakaste del».

– Trass det visuelle opptoget er det umogeleg å nekte for ei viss grunnheit i filmen, og ein mangel på verkeleg karakterutvikling, skriv Marsh.

Han meiner at Hansel & Gretel, trass nokre feil, nok kjem til å styrke Wirkolas namn i USA, og konkluderer med:

– Eit overraskande forfriskande stykke voksent tull!

Anmelding: Død snø: – Hold på tarmene!

Å hoppe etter Wirkola?

I kjølvatnet av denne filmen har det òg dukka opp ei rekkje skummelt like filmar. Velkjende The Asylum er blant dei som gir ut Hans & Grete-baserte filmar i år, men dei er ikkje dei einaste.

Her er trailerar for to slike filmar. Kva film ser best ut?

Hansel & Gretel er Asylums versjon av historia.

Hansel & Gretel get baked er stonerkomedieversjonen

Les også: Er desse litt for like?

Tommy Wirkolas Hansel & Grete: Witch Hunters får norsk kinopremiere den 1. februar. Dei to andre dukkar kanskje opp på heimekino i løpet av året. Kanskje.