Dæm sei jo CAMERA, LIGHTS, ACTION på et filmsett, men sidan det her er radio, så får æ vel bytt ut kamera med mikrofona!

Slik starta den aller første Filmpolitiet-sendinga for nøyaktig 15 år sidan. 11. januar 1998, ein sundag av alle dagar, gjekk Birger Vestmo i studio for å snakke filmens gode sak.

Det var berre eitt problem, det var ingen kinopremierar å snakke om den veka.

Difor var den første sendinga fylt av meir diverse innslag. Ryktebørs, voldsfilmtanker og anmeldinga av ein heilt spesiell film som tydeleg stod Birger nærmt, Beavis and Butthead do America.

Nokre utvalde klipp

Filmpolitiet var forut for si tid då Birger annonserte rykta rundt ein oppfølgjar til Independence Day. 15 år etter har filmen framleis ikkje dukka opp.

Birger deler av sin viten blant ting han har lært på kino. I den første sendinga handla det blant anna om amerikanske telefonnummer, og hundar på film.

Helgas valdsscene

I byrjinga var Helgas valdsscene ei fast spalte. I den første sendinga fekk me høyre jungelscena frå Schwarzenegger-filmen Predator.

– Det var jo litt politisk ukorrekt med skyting og slikt, så eg fekk litt kjeft for det.

Klippet me høyrde i den første filmen er ikkje så ille, men ein stad gjekk grensa.

– Eg trur det var eit torturklipp frå Dødeleg våpen der Mel Gibson blir torturert med strøm. Då fekk eg kjeft frå sjefen. Ein høyrde ikkje så mykje med lyttarane den gongen, det fantest jo ikkje mail og sånn, mimrar Birger.

– Fekk ein del fanbrev då. Eg trur eg har dei liggande ein stad. Ingen grovheiter, det gjekk sømmeleg for seg i 1998.

Kva er ditt beste Filmpolitiet-minne?