Apropos dagens BAFTA-nominasjonar: Innimellom viraken rundt Hodejegerne har Daniel Day-Lewis fått det som etter alt å døme er ein velfortent nominasjon for beste skodespelar. Historisk sett er det òg ein god indikator på at han kjem til å dukke opp på Oscar-nominasjonane i morgon ettermiddag.

Men på eit tidspunkt var det ikkje slik.

I eit brev til Steven Spielberg (via THR), avslo han først rolla som den berømte amerikanske presidenten.

Brevet vart først lest opp av Spielberg då Day-Lewis tok imot prisen for beste mannlege skodespelar på New York Film Critics Circle Award – ein pris utdelt av filmkritikarar i New York-området.

Kjære Steven,

Det var særs hyggjeleg berre å sitje og snakke med deg. Eg høyrde varsamt på det du hadde å seie om denne overbevisande historia, og eg har sidan lest manuset og funne detaljane i måten det skildrar dei monumentale hendingane, og den medfølande portretteringa av alle dei viktigaste figurane, både sterke og rørande.

Eg kan ikkje gjere greie for korleis eg i ein gitt augneblink føler trongen til å utforske livet meir enn andre, men eg veit at eg berre kan gjere dette arbeidet om eg føler at eg ikkje har noko val; eit subjekt som samanfell uforklarleg med ei sterkt personleg trong og eit veldig spesifikt punkt i historia.

I dette tilfellet – uansett kor fascinert eg er av Abe – var det fascinasjonen til ein takksam publikummar som ynskja å sjå historia fortalt, heller enn som deltakar. Det er slik eg kjenner det no på trass av meg sjølv, og sjølv om eg ikkje kan utelukke at det endrar seg, så kan eg ikkje oppmuntre deg til å halde det opent berre på forventing.

Eg håper dette gjer meining, Steven, eg er glad du lager denne filmen, eg unner deg styrken til det, og eg sender både mine beste ynskjer og mi største takksemd for at du tenkte på meg.

Classy! (Eit ord eg for ein gongs skuld skriv heilt utan ironiske undertonar.)

Brevet er på same tid eit avslag, ei oppmuntrande oppfordring, og eit slags «berre prøv å lage denne filmen utan meg – våg deg!».

Daniel Day-Lewis som Plainview i «There Will be blood». (Foto: The Walt Disney Company Nordic)
Daniel Day-Lewis som Plainview i «There Will be blood». (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

Resultatet vart sjølvsagt at Spielberg vart endå meir gira, og fekk manuset omskrive manuset to gongar før Day-Lewis endeleg sa ja.

Så får me berre håpe at dette er eit genuint brev, og ikkje utelukkande eit ledd i PR-balletten før Oscar-utdelinga. Trass alt, kor mange skodespelarar har hatt pondusen og sjølvsikkerheita til å sende Steven Spielberg eit avslagsbrev?

Daniel Day-Lewis har vunne Oscar to gonger før, for hovudrollene i Min venstre fot frå 1989 og There will be blood frå 2008. Reaksjonane på Lincoln så langt tyder på at han kan vere ein sannsynleg vinnar for årets pris òg.

Oscar 2013: Kan disse filmane vinne Oscar?

Den historiske filmen Lincoln, som ikkje har noko som helst å gjere med «kva om»-scenarioet i Abraham Lincoln: Vampire Hunter, har norsk premiere den 1. februar.

Kva synest du om Daniel Day-Lewis?