Gamescom (Köln): Oppfølgjarar kan vere skumle. Oppfølgjarar til suksessar er enda skumlare. Så når Maxis set ut – ti år etter det førre spelet i serien – for å lage eit nytt SimCity-spel (alle har gløymd SimCity Societies frå 2007, sant?), så er det forventningar å møte. Produsent Jason Haber fortel at mykje skulle på plass før dei kunne lage det dei ville ha:

– Ocean Quigley, vår kreative sjef, og Andrew Willmott, sjefsarkitekten vår, dei ville verkeleg lage SimCity sidan SimCity 4. Men dei måtte vente til teknologien kom til punktet me trengde for å lage spelet me ville ha. Så dei har hatt ideen til Glassbox og SimCity veldig lenge.

Rådhuset – maktsenteret i byen din i SimCity. (Foto: EA / Maxis)
Rådhuset – maktsenteret i byen din i SimCity. (Foto: EA / Maxis)

Sjå intervjuet i toppen av saka

Glassbox er motoren som driv spelet. Der simulerast kvart enkelt menneske som vert vist på skjermen, og du kan følgje dei rundt frå huset dei bur i, gjennom trafikken, til arbeid og til og med på handletur.

– Me ville bringe tilbake serien til røtene, slik at den var tilgjengeleg for så mange spelarar som mogeleg. Me veit at folk likte SimCity 4, som var eit ganske «hardcore» (retta mot aktive spelarar. – journ.anm.) spel.

Sniktitt: SimCity: –Storslagent byggespill, med sårbare punkter

SimCity World – alltid på nett

I motsetning til tidlegare spel er du – på godt og vondt – nøydd til å vere kopla opp mot nettet, for å kappast mot og med andre spelarar og deiras byar.

SimCity World er namnet på spelets onlinefunksjoner, som inneber alt spelarar kan gjere seg i mellom.

Mogelegheita for å lagre, øydeleggje heile byen, sjå den brenne, og så laste opp den perfekte byen igjen er kanskje borte, men til gjengjeld er det meir samhandling med andre. «The Internet is a thing now,» som sjefsdesigner Quigley har sagt i eit nyleg intervju.

– Det var den vinkelen me ville ta inn i spelet med SimCity World, ta spelarar og setje dei i sentrum av spelet, seier Haber og forklarer dei fire hovudfunksjonane.

SimCity. (Foto: EA / Maxis)
Nokre av utfordringane Maxis har gitt som eksempel. (Foto: EA / Maxis)

– Utfordringar er det me som utviklarar kan lage for å gi spelarar nytt innhald, korleis dei speler spelet og kva som hender i verda. Spelarar kan samarbeide eller konkurrere om dei i regionane sine.

Eksempel me har fått er at ein global auke i forureining kan bety at ei utfordring frå Maxis vil vere at ein skal få ned forureininga si ein viss prosent.

Les også: Spillopplevelser som aldri slutter

Handle og konkurrér

– Så tek me ressursane, som verkeleg er det underbyggjande i økonomien til SimCity, og let dei bli bytta på den globale marknaden. Og basert på korleis alle spelarane nytter desse ressursane, så bestemmer me om enkeltressurser er på stigande eller fallande kurs. Dermed kan eg spesialisere byar på éin ressurs, for å respondere på den globale marknaden.

Slike ressurser kan vere til dømes olje, stål eller plastikk. Eit anna viktig element vil vere poengtavler, som set deg opp mot dei andre spelarane.

SimCity. (Foto: EA / Maxis)
Leaderboards – globale poengtavler – i «SimCity». (Foto: EA / Maxis)

– Alle veit kva poengtavler er! Du kan konkurrere mot venene dine og andre i verda om ting som «kven har høgast innbyggjartal», «kven har flest simoleanarar (Pengar i Sim-spela. – journ.anm.)», og til og med kven som har mest forureining, høgast kriminalitet, eller på spesialiseringane som «kven tener mest pengar på olje».

Den fjerde funksjonen i SimCity World er City Log, ein loggfunksjon som samler alt dette i det som skal vere lettfatteleg og lesbar informasjon.

Retro: SimCity (1989): – Satte standarden for byggespill, og lot meg leve ut min stormannsgalskap

– Maxis elsker simulering

Det førre SimCity-spelet, SimCity Societies fekk mykje kritikk for å vere altfor forenkla i forhold til sine forgjengarar. Til Haber sitt forsvar var det utvikla av eit anna selskap, Tilted Mill, medan Maxis sjølv valde å fokusere på andre spel.

Han ser difor lenger tilbake for å finne ut kva som var bra.

Eit nytt spel med tonar frå det gamle, lover Haber. (Foto: EA / Maxis)
Eit nytt spel med tonar frå det gamle, lover Haber. (Foto: EA / Maxis)

– Om ein leiker med éin by, så vil ein sjå at spelet framleis er der. Alle tinga som gjorde SimCity til SimCity er framleis der, og kjensla som gjorde dei opphavlege spela til det me alle elskar, seier Haber.

Dei siste åra har det vore ein voldsom framvekst (og til ei viss grad eit nedfall) av meir lettbeinte simuleringsspel av ulik karakter. Farmville, Cityville, og til og med EA sitt eiget SimCity Social (medutvikla av norske Playfish).

– Eg trur alle dei spela har eit element som me elsker. Men SimCity er kongen av bybyggespel, og dei som alltid har vore best til det. Det er spesialiseringa vår, Maxis elsker simulering.

– Maxis er Maxis.

Sniktitt: Les Runes oppleving med SimCity her