– Jakta på Osama bin Laden er ibuande dramatisk.

Den Oscar-vinnande regissøren Kathelyn Bigelow er sikker i si sak, å lage film frå jakta på Osama bin Laden var eit godt val. Då Filmbonanzas Mona B. Riise trefte ho og andre bak filmen Zero Dark Thirty fokuserte alle på kor autentisk filmen var fortalt, kor ekte det skal vere.

Kanskje ikkje så rart, med tanke på all kjeften ulike filmar som er «basert på ei sann historie» har fått det siste året.

Navy SEALs jager Bin Laden i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).
Navy SEALs jager Bin Laden i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).

Autentisk til minste detalj

Sluttscena – som dei fleste vel veit korleis enda – vart filma natta eitt år etter at aksjonen mot Osama hendte. Med nattkamera og rørsler nøye koreografert basert på gjenforteljingar av hendinga, var målet å gjenskape noko sant.

– Me baserte alt på research, ikkje berre sjølve området, men ned til flisene på golvet og sprekkane i veggene, seier Bigelow.

Det ekstreme auget for detaljar var viktig for å respektere hendinga som hendte.

– Me filma det slik for at det ikkje skulle kjennast kunstig. Det skal følast som om det verkeleg hender framfor deg, med ei kjensle av umiddelbarheit. Men også for at det skulle vere mest mogeleg autentisk.

Les også: Julian Assange fordømmer filmen om Wikileaks

Jessica Chastain i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).
Jessica Chastain i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).

Såg på bileter av ettersøkte terroristar heile dagen

Jessica Chastain har hovudrolla som CIA-agenten Maya, ei rolletolking ho etter kvart har fått Oscar-nominasjon for. Som alt anna i filmen er òg karakteren hennar basert på ein verkeleg person, den same som visstnok skal ha inspirert Claire Danes si hovudrolle i TV-serien Homeland.

– Dette er den sanne historia om denne kvinna. Og nettopp fordi ho er CIA-agent, så kan ho ikkje ta æra for dette ho gjorde. Ho gav seg sjølv til arbeidet, fullstendig, seier Chastain.

Også Chastain gjekk inn for å bli oppslukt av arbeidet sitt. For å leve seg inn i rolla tok ho med seg jobben heim.

– Eg spurte rekvisitørane om dei kunne gi meg eit eksemplar av alle bileta Maya ser på. Kvar dag ser ho på bileta av desse terroristane. Så hang eg dei på hotellrommet. Dermed, når eg kom heim, så kunne eg alltid sjå det. Det ville alltid vere ei påminning. Slik fekk eg kjensla av korleis det var å vere ei kvinne som aldri kunne gå heim, og få rom frå arbeidet sitt.

Joel Edgerton i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).
Joel Edgerton i Zero Dark Thirty (Foto: United International Pictures).

Oscar 2013: Hvem tror du tar prisene? Vinn fet filmpakke!

Har møtt motstand

Zero Dark Thirty har fått mykje kritikk sidan ideen byrja å rulle. Mellom anna vart Obama-administrasjonen beskulden for å ha lekt hemmelegstempla dokument frå aksjonen, for å gi Bigelow meir materiale.

Seinare har den fått kritikk fordi blant anna republikanarar meiner filmen er med på å legitimere tortur.

I jakta på å gjenskape den fortalte historia, måtte òg desse scenene med, meiner både manusforfattar Mark Boal og skodespelar Jessica Chastain.

– Det er ein del av historia, så me måtte ha det med. Det er openbart ei hard verksemd, og forhåpentlegvis fekk me vist fleire av dei ulike tinga som hendte dei siste ti åra, seier Boal.

– Om dei hadde latt vere, så hadde det gjort filmen til ei løgn, seier Jessica Chastain

Anmelding: Zero Dark Thirty: – Spennende terrorjakt, selv om utfallet er kjent

I denne vekas Filmbonanza får du i tillegg til dette intervjuet ei topp 3-liste over verkelege, norske hendingar som burde ha bli filmatisert. NRK2 torsdag kveld, klokka 21.30.