Oppdatert: Ubisoft bekrefter rykta, det neste Assassin’s Creed-spelet heiter Black Flag. Ubisoft vil vise meir på måndag, og har sluppe box cover på spelet som blant anna avslører at Playstation 3-varianten av spelet får ein time ekstra eksklusivt innhald.

Tidlegare denne månaden vart det kjend at det neste Assassin’s Creed-spelet kjem allereie i år. Og gjennom ei lekkasje – planlagd eller ei – dukka ein Assassin’s Creed: Black Flag-plakat opp på Kotaku som visstnok skal bli opphengd på spelbutikkar neste veke.

Påstått AC4-plakat. (Foto via Kotaku)
Påstått AC4-plakat. (Foto via Kotaku)

Ifølgje den går turen til det karibiske havet, sjøområda rundt Cuba, Haiti, Jamaica og Florida, på 1700-talet.

Kartet peiker òg ut begravde skattar i området, og tidsriktig overtru ved å vise sjømonster i havet. Men om Ubisoft held seg til «realismen» i tidlegare spel, så får me neppe faktisk møte desse overnaturlege beista.

Videointervju: Assassin’s Creed-sjef: – Vi brukte seks månader på å sjå dokumenterer og filmar, og lese bøker

Påstått AC4-plakat. (Foto via Kotaku)
Påstått AC4-plakat. (Foto via Kotaku)

Møt Edward Kenway

Nettstaden Examiner følgjer opp plakatinformasjonen med eit screenshot, og litt meir informasjon.

Hovudpersonen i spelet skal visstnok vere Edward Kenway, forfar til Haytham Kenway og Connor i Assassin’s Creed 3. Han er såkalla kaper, statsgodkjende sjørøvarar som utførte krigshandlingar på havet.

Manusforfattar for spelet skal vere Darby McDevitt, som tidlegare blant anna har arbeidd på PSP-spelet Assassin’s Creed: Bloodlines.

Dermed ser det ut som om Ubisofts vil halde fokus på sjøfarten dei introduserte i Assassin’s Creed 3, og for alvor ta for seg pirat- og kaperverksemda til havs. Tidlegare har dei sagt at dei vil skifte helt og tidsperiode frå tidlegare spel.

Me får ikkje eit attsyn med kaptein Sparrow, men det vil foregå i det same området som Pirates of the Caribbean-filmane, på omtrent same tid.

Meir informasjon vil dukke opp på måndag, foreløpig har Ubisoft kun sluppe covera til Xbox 360, Playstation 3, PC og Wii U.

Yo, ho, ho, og ei flaske med rom?