Den komande fjerde sesongen av Arrested Development skal gå eksklusivt på Netflix-plattforma, og mange fans hadde nok håpa at dette skulle bli ein renessanse for den småsære humorserien om familien Bluth.

Serieskapar Mike Hurwitz har ved fleire anledningar har hinta til at det absolutt kan bli meir enn den eine sesongen. Men då må det i så fall bli andre stader enn Netflix. I natt uttalte Netflix-sjef Reed Hastings at Arrested Development-sesongen vert ei éingongshending:

– Me forventar ikkje å gjere 5., 6. eller 7. sesong. Det er ein fantastisk éingongsting, som kjem saman på ein flott måte. Eg trur framleis det vert nydeleg for oss, men sjå på det som noko ikkje-gjentakbart, seier han til Wall Street Journal.

Michael Bluth. (Foto: )
Bluth-familiens einaste «normale» medlem, Michael. (Foto: Fox)

Hovudårsaka verker å vere at stjernene i serien etter kvart er meir opptekne med andre prosjekt på kvar sin kant.

Les også: Elsk/hat: Serieavslutninger

Håper på fleire sesongar, men…

Ein talsmann for Netflix roa seinare ned dei stormande massane (nei, okda, berre pressen) med fråsegn om kva framtidsplanane for TV-serien er. Innhaldssjef Ted Sarandos vart trekt fram som den drivande krafta på prosjektet.

– Me håper framleis på fleire sesongar. Om nokon kan få det til, så er det Ted. Men dette er på ingen måte slutten. Me planlegg å gjere meir med skodespelarane. Me har førsteretten, så det er ikkje slik at det dukkar opp andre stader, seier selskapet til Hitfix.

Dei 14 episodane av fjerde sesong vert sleppt på Netflix i mai – alle samtidig, på same måte som House of Cards tidlegare i februar.

Les også: House of Cards er Netflix’ mest sette program

I motsetning til tidlegare sesongar er kvar episode fokusert på eitt enkelt medlem av Bluth-familien. Jason Batemans karakter Michael er den einaste som er med i alle episodane, og sidan heile sesongen vert slept samtidig er òg planen at episodane skal vere mogeleg å sjå i den rekkjefølgja ein sjølv ynskjer.

TV-seriar utan fast episoderekkjefølgje? Kva trur du om det?