Årets Oscar for beste kvinnelege hovudrolle er eit interessant samansett ensemble. Den yngste og den eldste nominerte – 9 år gamle Quvenzhané Wallis og 85 år gamle Emanuelle Riva – er båe nominert for første gong, noko spesielt sistnemnde har stor takksemd for, ifølgje eit intervju med The Hollywood Reporter.

– Roller for eldre kvinner i film er det ikkje så mange av. Og når ein var 84 år gammal? Det er ikkje så ofte ein finn ei rolle som matchar deg, seier Emanuelle Riva til THR.

– Sidan eg verkeleg er i det siste steget av livet mitt, så var dette ei stor gåve til meg.

Emanuelle Riva i «Amour». (Foto: Arthaus)
Emanuelle Riva i «Amour». (Foto: Arthaus)

Anmelding: Amour: – Filmens skildring av kjærlighet i livets siste fase er nær, varm og rørende

Stor debatt om beste kvinnelege skodespelar

Med unntak av hennar hittil siste film er kanskje Emanuelle Riva best kjend for Hiroshima, mon amour frå 1959 – ei rolle ho ikkje vart Oscar-nominert for. Mange meiner difor det rett og slett var på tide at ho vart nominert til beste kvinnelege skodespelar.

Og med ein tilsvarande pris på årets BAFTA-utdeling (den britiske Oscaren) er ein av filmverdas mest prestisjetunge prisar absolutt innan rekkjevidda for Riva, sjølv om mange bookmakerar òg plasserer Jessica Chastain frå Zero Dark Thirty høgt på listene.

– Det ville vere ei stor overrasking for meg. Men om eg ikkje vinn, så er det slik det kjem til å bli, seier ho til THR.

– Men om eg skulle vinne, så ville det vere ein veldig fin ting, eg blir som ei lita jente – veldig overraska og veldig begeistra.

I Filmpolitiets Oscar-kåring er det ei faktisk lita jente – Quvenzhané Wallis – som er lesarane våre sin favoritt.

Hushpuppy (Quvenzhané Wallis) tror hun forårsaker verdens undergang i Beasts of the Southern Wild (Foto: Arthaus).
Hushpuppy (Quvenzhané Wallis) tror hun forårsaker verdens undergang i Beasts of the Southern Wild (Foto: Arthaus).

I løpet av dei siste månadene har mange diskutert kor vidt det vil vere rett å gi Oscar til ei rolle avgitt som 5-6-åring. Ja, seier Beasts of the Southern Wild-regissør Benh Zeitlin til avisa The Star:

– Det er tydeleg at ho ikkje berre går rundt og blir fotografert. Ho er ekstremt tydeleg i kjenslene sine. Ho er eit vedunderborn som skodespelar.

Oscar 2013: Kven bør vinne Oscar? Legg att di meining, vinn kul filmpakke

Favoritt til beste framandspråklege film

Amour har alt vunne prisen for beste framandspråklege (ikkje-engelske) film både i Golden Globes og den britiske BAFTAen. Fleire norske anmeldarar trur at Amour òg går av med sigeren for beste framandspråklege film på Oscar-utdelinga den 25. februar:

– Eg trur nok Amour er favoritten; ein fantastisk film, som både vann gullpalma i Cannes, og er nominert i ei rekkje andre kategoriar, som beste film og regissør, sa Dagbladets anmeldar, Inger Merete Hobbelstad til oss tidlegare i år.

Les også: Slik vinner du Oscar: – Bak enhver god film står en god agent

Riva, som feirar 86 år på Oscar-natta, reiser til Los Angeles for første gong i sitt liv og skal overvære heile seremonien, saman med blant anna regissør Michael Haneke som òg er Oscar-nominert for første gong – både for manus, regi og beste film.

Kven bør vinne Oscar-prisane i år?