Detaljane byrjer så smått å kome på plass for den neste X-Men: Days of Future Past. I natt kunne regissør Bryan Singer også bekrefte at Peter Dinklage skal ta ei rolla i den komande superheltfilmen. Dette gjorde han – tidsriktig nok – på Twitter (via EW:

Dinklage er for tida nok best kjend frå rolla si i Game of Thrones, der han speler den manipulerande sylvtunga Tyrion Lannister. Men han har òg gjort flotte roller i blant anna Station Agent – og for så vidt Elf.

I sin retur til X-Men-filmane – han regisserte dei to første – har Singer alt hyra inn Ian McKellen og Patrick Stewart. I tillegg skal James McAvoy, Michael Fassbender og Jennifer Lawrence dukke opp i roller me har sett dei i før.

Anmelding: X-Men – First Class: – Fassbender jobber for tittelen «kuleste x-mann»

Puck – liten, men sterk. (Foto: Marvel)
Puck – liten, men sterk. (Foto: Marvel)

Kven skal han spele?

Men akkurat kven Dinklage skal spele er litt usikkert. Det er vel ikkje utenkjeleg å tru at Singer & co. vil nytte kroppsfasongen hans til hans fordel, ergo kan me kanskje leite blant dei kortare heltane.

Eit av dei sikraste korta er kanskje Puck – ein tidlegare massiv atlet som har blitt krympa ned i størrelse. Han er ein av Wolverines tidlegare kompanjongar i den kanadiske superheltgruppa Alpha Flight.

Andre har òg hinta til Marvel-skurken MODOK – eit vondt svevande massivt hovud – men om 20th Century Fox har rettane til denne figuren i filmlisenssirkuset som utgjer Marvels teikneserieunivers er mindre sikkert.

Men Dinklage skal nok klare å spele fletta av kva som helst Singer kastar mot han – det trur iallfall eg!

Kva trur du om den stjernespekka X-Men-oppfølgjaren? Kven trur du Dinklage skal spele?

P.S.: Berre fordi eg kan, her er traileren til Peter Dinklages neste prosjekt, Knights of Badassdom. Ein liten film om kva som hender når nokre laivarar – live-rollespel i skauen – ender opp med å opne ein høgst verkeleg port til ein anna dimensjon: