Etter suksess i Skandinavia og Storbritannia var det vel berre eit spørsmål om tid før Broen vart plukka opp andre stader. Sentralt i den dansk-svenske versjonen av serien står grensa mellom landa midt på Øresundsbroen.

The Bridge - amerikansk-mexicansk «Broen»-remake. (Foto: Jordin Althaus/FX Network)
Damian Bichir og Diane Kruger i «The Bridge». (Foto: Jordin Althaus/FX Network)

I The Bridge, som FX no er i gang med å lage serie av, går handlinga føre seg på den omstridde grensa mellom USA og Mexico.

Pilotepisoden – ein testepisode for å sjå korleis resultatet vil bli – vart bestilt alt i juli, og basert på denne har FX bestemt seg. Det vert minst éin sesong av The Bridge, melder mellom anna Variety (via Serienytt).

Anmelding: Broen: – Alt du kan ønske deg fra en dansk-svensk spenningsserie!

Saga Norén og Martin Rhode i den opphavlege «Broen» (Foto: Ola Kjelbye/NRK)
Broen (Foto: Ola Kjelbye / NRK)

Flytta til ny grense

Diane Kruger (Inglourious Basterds) speler den sære og kjenslekalde etterforskaren Sonya North medan Demián Bichir (Weeds, A better life) speler rolla som den omgjengelege og ikkje-korrupte Marco Ruiz.

På grensa finn dei eit oppdelt lik, noko som fører til at politistyrkane i USA og Mexico må samarbeide om saka.

Produsent er Meredith Stiem, ei kvinne som har vore sentral i produksjonen av Homeland – til dømes på manussida. Saman med blant andre Cold Case-produsent Elwood Reid skal ho setje saman serien som allereie får skryt frå sentralt hald.

– TV-selskapa har i årevis forsøkt å utvikle ein dramaserie sett på grensa mellom USA og Mexico utan suksess. Eg er begeistra for at Meredith Stiem og Elwood Reid har blitt den første til å knekke den kreative koden, og dei har gjort det fantastisk, seier FX-president John Landgraf i ein sjølvskrytande kommentar som fullstendig overser Breaking Bad sine flotte reiser til Mexico.

Anmelding: Homeland S02: – En intens fortsettelse på terrorthrilleren

Clemence Poesy. (Foto: Jason Kempin/Getty Images/AFP)
Clemence Poesy. (Foto: Jason Kempin/Getty Images/AFP)

To «Broen»-remakes
i løpet av året

Men FX er ikkje den einaste kanalen med Broen-remakes. For tida er òg den fransk-britiske serien The Tunnel under produksjon, med britiske Stephen Dillane (Stannis Baratheon i Game of Thrones) og Clémence Poésy (Harry Potter, In Bruges) som den same dynamiske duoen.

The Tunnel er eit samarbeid mellom britiske Sky Atlantic og franske Canal+, og skal kome på europeiske TV-skjermar i løpet av året.

The Bridge sin første episode skal regisserast av Gerardo Naranjo, som står bak den kritikarroste Miss Bala – ein film om ei kvinnes kamp for å bli skjønnheitsdronning i eit korrupt Mexico.

Serien er no under innspeling, og ein 13-episodars sesong skal etter planen få premiere i juli i år. Oppdatert: The Bridge blir vist på Fox Crime i Noreg i «juli 2013».