Då utviklar Dontnod pitcha spelet Remember Me til distributørar fekk kreativ leiar Jean-Maxime Moris fleire beskjedar om at spelets rollefigur burde endre kjønn. Karakteren Nilin var eit stort problem for mange, især det at ho var i eit forhold med ein mann, fortel han til Penny Arcade.

– Fleire selskap fortalte meg ‘Vel, me vil ikkje utgi det fordi det ikkje kjem til å vere suksessrikt. Du kan ikkje ha kvinnelege karakterar i spel. Det må vere ein mannleg figur, så enkelt er det.

Til slutt var det Capcom som plukka opp ideen, og planla det for lansering i juni i år. Cyberpunkspelet Remember me – som først heitte Adrift – let deg hacke menneskehjernar, slå gørra ut av fiender, råkøyre motorsyklar gjennom trafikerte gater – og kysse kjærasten din. Spesielt det siste var det mange som reagerte på.

– På eit tidspunkt ynskte me ei scene der ho kyssa ein mann. Folk fortalde oss, ‘Du kan ikkje få ein fyr som spelaren til å kysse ein anna fyr i spelet, det kjem til å kjennest pinleg’, seier Moris.

– Så eg sa ‘Om du synest det, så kjem mediet aldri til modnast’. Det er klart det må vere eit element av innleving, men det er ikkje slik at di seksuelle legning vert overprøvd. Eg veit ikkje, det verker ekstremt rart for meg.

(Artikkelen held fram under videoen frå Remember me.)

Kva med dei eksisterande kvinnelege figurane?

Som ein av dei fremste kvinnesymbola i spelverda er Lara Croft i Tomb Raider-serien ein representant for at det ikkje treng å vere sant at kvinnelege spelfigurar ikkje sel.

I det nyaste spelet – som óg heiter Tomb Raider – har fokuset på figuren endra seg. Kroppsformene vart tona ned, til fordel for ein meir menneskeleg – og dermed meir sårbar – Lara.

I eit nyleg intervju med Kill Screen, seier spelforfatter Rhianna Pratchett at det viktigaste ikkje er at Lara Croft er kvinneleg:

Crystal Dynamics slipper spillet Tomb Raider med en yngre Lara Croft. (foto: Crystal Dynamics)
Crystal Dynamics slipper spillet Tomb Raider med en yngre Lara Croft. (foto: Crystal Dynamics)

– Det er sårbarheit der. Men det er ikkje fordi ho er kvinneleg. Det er fordi ho er menneskeleg, åleine, og skipbroten utan våpen, og med veldig lite «know-how».

Anmelding: Tomb Raider: – Den gamle Lara Croft er død, lenge leve Lara Croft

– Eit ekstremt eksempel

Pratchett meiner at det er tull at menn ikkje kan leve seg inn i livet til kvinnelege spelfigurar. Ho plukkar fram ei historie frå Kotaku – om Tomb Raider-spela som fekk ein tenåring til å starte eit nytt og betre liv.

– Det er eit ekstremt eksempel. Men eg likar at det fullstendig øydelegg tanken om at menn ikkje kan føle med, eller sjå seg sjølv som, ein kvinneleg hovudkarakter.

Moris meiner at kreativitet kjem først for spelarar, og at eit kjernepublikum med menn på 15-25 år ikkje treng å bety at figurane må vere det same.

– Du kan identifisere deg med folk av andre kjøn i filmar, kvifor ikkje i spel? Me treng å ha mogelegheita til å lage, og dermed respektere publikum nok til å tru at dei kan vere smarte nok til å identifisere seg med den typen figur.

It’s all about the money

Ein kan sjølvsagt peike på at spel med kvinner i hovudrolla sel mindre enn med menn i hovudrolla, men då må ein òg sjå på budsjett – spel med kvinner i hovudrolla får halvparten av budsjettet, og rundt 40 prosent av marknadsføringspengane, ifølgje spelmarknadsanalytiker Geoffrey Zatkin.

Heile debatten ender vanlegvis opp i sirkelargumentasjon. Så lenge spel med kvinner i hovudrolla vert sett på som nisjespel av dei fleste pengestøttarar, vil dei heller ikkje få like mykje merksemd. Og så lenge dei ikkje får merksemd, så tener dei ikkje pengar.

Men om det er så viktig for spelarar å vere av same kjøn som figuren dei styrer, kva spel må kvinner spele då?

Kva er det viktigaste for at du skal leve deg inn i ein spelfigur?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.