Gamescom (Köln): – Eg ser på Beyond Two Souls som eit samansmeltingspunkt. Det er den rette tida, for dei rette menneska til å verkeleg arbeide saman i ein kreativ prosess.

Quantic Dream-sjef Guillaume de Fondaumière snakkar høgverdig om sitt eiget spel. Beyond two souls er ein slags åndeleg oppfølgjar til det kritikerroste Heavy Rain, og no har det òg fått lanseringsdato, 8. oktober i år.

Selskapet hans nyttar mykje «motion capture» i sine prosjekt – rørslesporing av ekte menneske – og på deira siste spel har dei fått med seg større Hollywood-namn.

Ellen Page har hovudrolla som Jodie Holmes, og spelaren følgjer hennar unormale liv over ein periode på 15 år fram til ho er 24. Tidlegare har det blitt sett litt ned på med større skodespelarar av denne typen i dataspel, men de Fondaumière meiner at dei har perfeksjonert teknologien.

– Me har hatt store framsteg. Det at me no har denne utrulege teknologien som gjer til at me kan fange heile forestillinga til ein skodespeler gjer oss meir kredible for dei.

Anmelding: Heavy Rain: – Et spill uten sidestykke, men ikke uten feil

Arbeidet med Kara imponerte mange.

Det heile starta med Kara

I mars 2012 imponerte Quantic Dream med tech-demoen Kara. Denne var essensiell i arbeidet med å få tak i større skodespelarar, meiner de Fondaumière:

– Ho såg at me hadde gjort denne tekniske prototypen. Slik kunne me demonstrere for ho, før ho starta arbeidet, at me meistra teknologien og kunne vere sannferdig mot evnene hennar.

Kreativ leiar David Cage og han har nytta mykje tid i Hollywood, men ifølgje han er det ikkje før no at skodespelarar har fått augo opp for det å levere skodespel i spelverda – ikkje berre stemmelegging.

– For det første hadde me eit manus ho kunne relatere seg til, med likskapar til det ho gjer når ho speler inn ein film, sjølv om det er mykje lengre – opptil 6-7 filmar, seier han.

– Det andre aspektet er sjølvsagt at ho ein skodespelar med stort talent, som speler denne rolla. Eg synest ho tilfører karakteren mykje, slik at heile framstillinga vert sterkare, og slik kan me utløyse kjenslene betre.

E3 2012: Sony viste fram Heavy Rain på verdas største spelmesse

Willem Dafoe er òg med på laget

Denne veka avslørte spelselskapet at skodespelaren Willem Dafoe òg er med på laget – noko som berre hadde vore eit rykte tidlegare. I spelet tek han rolla som etterforskaren Nathan Davis – ein slags farsfigur for Jodie Holmes.

– Forholdet dei imellom er veldig komplekst. Ein kombinasjon av kjærleik og svik, seier Dafoe i ein video Quantic Dream slapp nyleg.

Dafoe er kjend frå filmar som Platoon, Boondock Saints og Antichrist. Dette er ikkje første gongen han tek ei rolle i ei dataspel, han var blant anna Nikolai Diavolo i 2004-spelet James Bond 007: Everything or Nothing.

– Eg er òg nysgjerrig på utfordringane me har medan me skaper dette. For spelaren skal kunne ta del i handlinga, og ta avgjersler for rollefigurane. Mogelegheitene i måten forteljinga kan utfolde seg på er fantastisk, seier Dafoe om Beyond two souls-innspelinga.

Sjef de Foundamière er samd med Dafoe, og meiner – naturleg nok, det er hans teknologi – at dette er framtida for dataspel. På avdukinga av Playstation 4 nyleg viste David Cage oppdatert teknologi, som skal fungere på Sonys neste konsoll:

– Eg trur at dette er vegen evolusjonen går. At me i åra som kjem vil sjå fleire og fleire spelstudio – om dei nytter tilsvarande teknologi og vinkling – vil nytte seg av fleire talent av dette kaliberet. Det vil tilføre enormt mykje til spelopplevinga.

Les også: Slik blir Playstation 4

Kva synest du om Quantic Dream sin måte å tenkje spel på?

Beyond Two Souls kjem i butikkane 8. oktober, du kan sjå ein «behind the scenes»-video her.