Eventyrland er ei historie om vonde sirklar og kaos. Etter at eg såg den var hovudet mitt òg litt kaotisk, det tok litt tid å setje hendingane på plass i hovudet, og late inntrykka marinere seg i hjernebarken.

Filmens opningsscene fortel effektivt om ung kjærleik, ungt ovmot og ung dumskap. Kjærasteparet Jenny og Frank skal utføre lysskye gjerningar, og medan dei ventar på ein tredje gjerningsmann forklarer Jenny at ho er gravid. Plutseleg endast brått det som skulle vere starten på eit liv i ro og fred – alt igangsett av ein ryggsekk med ulovlegheiter og ei henslengt hagle.

Eventyrland. (Foto: Actionfilm)
Eventyrland. (Foto: Actionfilm)

10 år seinare kjem Jenny ut frå fengselet, med ei dotter hjå fosterforeldre og eit liv langt frå det ho i nokre timar drøymde om. Hennar kamp om å gjenskape draumen er sentral.

Handhaldt preg

Filmskapar Arild Østin Ommundsen er kameramann, lydmann, lysmann, klipper og regissør – noko som skapar ei eiga stemning i dette menneskeleg dramaet. Lågt budsjett, eitt kamera, og eitt namn – hans eiget – som dukkar opp fleire stader i rulleteksten. Eventyrland har mykje til felles med det eg tenkjer på som «heimelaga filmar» – og dette er absolutt eit kompliment.

Han har skrudd ned produksjonen til det minimale, noko som gir meir plass til skodespelarane. Filmens midtpunkt er Silje Salomonsen, som speler rolla si både sårt og hardt. Vekslingane i historia til Ommundsen tvinger Jenny til å vere både elskande mor og beskyttande kvinne, og dei to avløyser kvarandre ypparleg etter kvart som Jenny si hi historie utspelar seg.

Framheva av tette utsnitt, handhalde kamera, og sørvestlandsk landskap følgjer me ho i sirklar nedover mot det ho inst inne ynskjer å unngå. Og trass velmeinande råd frå familie, og skumle handlingar frå «vener», så gir ho heller ikkje opp å skape eit trygt tilvere for dottera Merete (Iben Østin Hjelle) – eit eventyrland, om du vil.

Anmelding: Jag etter vind: – Inviterer til fundering over livet, døden og kjærligheten

Eventyrland. (Foto: Actionfilm)
Silje Salomonsen spring i grunt vatn i «Eventyrland». (Foto: Actionfilm)

Tett på karakterane

Ommundsen er tett på skodespelarane sine. Han er gift med Salomonsen, og far til Iben Østin Hjelle som spelar Merete. Barneskodespelarar kan raskt øydeleggje ein film, men bandet mellom dei to fungerer nydeleg – sjølv om enkelte av replikkane kan opplevast litt framtvungne.

Fleire av skodespelarane elles har fått sine gjennombrot i Ommundsens tidlegare spelefilmar. Med gjenkjennelege andlet frå både Mongoland, Monstertorsdag og Rottenetter har han ei rekkje personar samla rundt seg, og det verkar nesten som om han når som helst kan trekkje ein «kanin» opp av ein hatt, og fylle eit manglande hol i det småkriminelle universet perfekt.

Eventyrland. (Foto: Actionfilm)
Eventyrland. (Foto: Actionfilm)

Mange scener i filmen er dominert av musikk. I samanheng med elegante, svevande bilete balanserer dette på grensa, og vipper her og der over til å bli anmassande. Ofte vakkert – komponert av Thomas Dybdahl – men no og då med tung musikalsk hand i det som elles oppfattast som ein rytmisk god film.

Anmelding: Monstertorsdag: – Mektig og imponerende opplevelse

Breitt kjensleregister

Eventyrland er sterkast i vekslingane. Frå sundagsfrukost med dottera i ein augneblink, til trugande skikkelsar med dekknamn i den neste. Det er blandinga av kvardagslege irritasjonar og gleder – humoren til Tomas Alf Larsen som sjenert kundehandsamar frå Siljes fortid redder litt av gleda – til skuggesidas redsel og pinsle – gjennom ein bråte harde kriminelle, tilsynelatande utan skruplar.

Ommundsens førre film var Knerten i knipe, og utan å seie stygge ting om ein koseleg barnefilm, så er det godt at han er attende for å lage denne typen filmar. Filmar med harde kantar, utan mjuk polstring.

Då eg gjekk ut av kinosalen, visste eg ikkje heilt kva eg meinte om denne historia. Etter kvart kjente eg det slukna håpet og den brennande iveren som den la igjen.

Avtrykka inni hovudet som scenene hadde laga, dei tenkte merka som skarpe alboger hadde laga i sida mi. Denne filmen sette spor i meg, og eg håper den gjer det same for deg.

Om FILMEN

Eventyrland
  • Eventyrland
  • Slippdato: 22.03.2013
  • Regi: Arild Østin Ommundsen
  • Utgiver: ActionFilm
  • Sjanger: Drama