Trass sine 70 år, Harrison Ford har ikkje tenkt å gi seg som skodespelar med det første. Dei komande åra skal han spele blant anna i filmatiseringa av Enders game og Indiana Jones 5, og ubekrefta rykte har lenge svirra om at han skal spele ein eldre versjon av Han Solo i den komande Star Wars-filmen.

No dukkar han òg opp i oppfølgjaren til absurdkomedien Anchorman, skriv Indiewire. Rolla han skal spele er ein slags Einar Lunde-figur, ein nyheitsankerveteran med mykje pondus i tv-verda.

Ford har tidlegare spelt ei liknande rolle i komedien Morning Glory, men med Will Ferrell og Adam McKay som manusforfattarar kan me nok vente oss hakket meir surrealistisk – og sikkert sitérbar – humor.

Anmelding: Anchorman: The Legend of Ron Burgundy: – Herlig befriende og absurd

Eit av få bileter som har dukka opp hittil.
Eit av få bilete som har dukka opp hittil.
Gjensyn med kjende tv-fjes

Fleire av skodespelarane frå den første filmen er framleis med. Will Ferrell, Steve Carell, Christina Applegate og David Koechner tek opp igjen sine gamle roller (mest sannsynleg òg John C. Reilly). I tillegg skal Kristin Wiig (Bridesmaids) dukke opp som ein ny karakter.

Anmelding: Casa de mi Padre: – Medan me ventar på Anchorman 2

Humorkongen Judd Apatow produserte både den første filmen og tek opp att arbeidet på denne. For tida har han i tillegg eit bein i alt frå Girls til sine sedvanlege komediar som komande This is 40.

Han har tidlegare blitt spurt kva filmen handlar om, men har svara at handlinga er like hemmeleg som – artig nok – den neste Star Wars-filmen:

– Alt eg kan seie er at det ikkje er nokre wookies i den. Men det er topphemmeleg. Det går ikkje an å avsløre nokre av Brick sine vitsar, sa han til MTV i desember.

Anchorman: The Legend Continues startar innspeling omtrent i desse dagar, og har planlagd norsk kinopremiere februar 2014. Av dei få ting som har dukka opp er traileren i botnen av saka framleis det mest forklarande.

I’m Ron Burgundy?

  • http://twitter.com/Simmemann Erlend Sekkelsten

    NERD-O-METER OVERLOAD!!!

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Stay classy, Erlend!

      • Neo

        Whammy!

      • http://twitter.com/Simmemann Erlend Sekkelsten

        Boy, that escalated quickly.

        • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

          It jumped up a notch. 

        • realist4ever

          Eller «Gutt, den rulletrappet raskt» som enkelte norske oversettere ville påstå

  • http://www.facebook.com/profile.php?id=694390073 Martin Fjeldstad

    The hair is strong in this one. 

  • Willy Silda

    Vi trenger ikke Indiana Jones 5, og Harrison Ford trenger ikke pengene. Huff.

  • Pingback: P3.no Musikk » Forener krefter()