Jon Stewart, til vanleg kjend frå tv-skjermane som nyhendesatirikar i The Daily Show, skal ta ein pause på tre månader for å regissere sin første film, ifølgje NYTimes. Manuset er sjølvskrive og adaptert frå boka Then They Came for Me, A Family’s Story of Love, Captivity and Survival, frå ein vinkel som er meir dvelande enn materialet han vanlegvis arbeider med.

– Eg er ein TV-person som er vant til å ha ein tanke klokka 10 om morgonen, få den ut klokka halv sju om kvelden, og så gjere noko anna, så dette er litt skummelt, ja, sa Stewart til New York Times.

Filmen, som har fått namnet Rosewater, handler om canadisk-iranske Maziar Bahari, som sat 118 dagar i iransk fengsel for visstnok å skulle konspirere mot dei iranske myndigheitene.

Stewart hadde dårleg samvit

The Daily Show speler ei rolle i arrestasjonen hans, sidan klipp frå ein sketsj der Bahari var med som «sanningsvitne» vart nytta mot han i fengselet.

I innslaget Persians of Interest snakka reporter Jason Jones med mennesker som «mest sannsynleg kom til å bli arrestert». Det var meint humoristisk, men viste seg å vere meir framsynt enn antatt då Bahari kort tid etter vart arrestert.

Etter dette hadde Stewart dårleg samvit, og starta etter kvart eit venskap med Bahari. Han var fascinert av Bahari, boka og historia:

– Ein av tinga som heldt Maziar i live var evna til å halde på humoristisk sans – og til å sjå absurditeten i situasjonen, seier Stewart.

Trass dette lover ikkje Stewart ei komedie, heller ein alvorleg film med innslag av humor. Du kan sjå Bahari fortelje om hendingane sjølv her:

Stewart skildrar handlinga som «naiv» då han skreiv eit manus basert på filmen, og fekk No country for old men-produsent Scott Rudin til å ta ein kikk på det. Med råd og vink hadde dei til slutt noko dei ville satse på, og Rudin er no produsent for filmen.

Anmelding: Operasjon Argo: Ben Afflecks film om canadisk og amerikansk inntog i Iran

USAs mest pålitelege mann

The Daily Show er rekna som eit satirisk program, men har òg ført til at Jon Stewart i ei TIME-kåring vart kåra av amerikanarar som «USAs mest pålitelege mann» etter journalistlegenda Walter Cronkites død i 2009.

Jon Stewart har vore produsent og manusforfattar på både TV-seriar og filmar, men har ikkje regissert før. I 2006 og 2008 var han Oscar-vert.

I åtte av dei tolv vekene Stewart er vekke skal britiske John Oliver – òg kjend frå komiserien Community – overta. Resten er TV-seriens årlege sumarferie. Dette er Stewarts første lengre pause frå The Daily Show sidan han starta der i 1999, tidlegare har blant anna Stephen Colbert og Steve Carell teke over i korte periodar – båe desse var med i programmet tidleg i si karriere.