Steven Spielberg har fleire ballar i lufta enn eit IKEA-ballrom sendt i bane rundt jorda. I tillegg til juryformann i Cannes, produsentarbeid på ein ny Tintin-film og Jurassic Park 4 er han no i gang med å realisere eit av Stanley Kubrick sine drøymeprosjekt:

– Eg har arbeidd på Stanley Kubricks manus – for ein miniserie, ikkje ein spelefilm – om Napoleons liv. Kubrick skreiv manuset i 1961, for lenge sidan, sa Spielberg til franske Canal+ (via Indiewire).

Spielbergs førre film var Lincoln, eit anna historisk drama med ei lang produksjonstid.

Anmelding: Lincoln: – Et velregissert drama med et udiskutabelt historisk sus over seg

The Emperor Napoleon. (Bilete: Jacques-Louis David, i public domain)
Kan Daniel Day-Lewis legge på seg nokre kilo, mon tru? (Bilete: Jacques-Louis David, i public domain)

– Den beste filmen nokosinne

Napoleons liv og levnet var eit av Kubricks største urealiserte prosjekt. Etter 2001: En romodyssè bestemte han seg for å samle all kunnskap som eksisterte om den franske regenten. Resultatet vart tusentals bilete, notat, og film som fylte boks på boks i Kubricks arkiv. Han har uttalt at han skal ha lest over 500 bøker om temaet.

Med statiststøtte frå den rumenske hæren – som lova 50 000 soldatar i papirkostymer – og den nærgåande researchen lova han sine finansielle støttespelarar «den beste filmen nokosinne», sjølv om han enno ikkje var heilt sikkert på korleis den vart.

Det overbeviste ikkje MGM, som var skeptiske grunna til dømes Krig og fred, ein anna storbudsjettsfilm som nyleg hadde mista mykje pengar.

Kubrick kom dermed aldri lenger enn eit manus (som du kan lese her). Mykje av researcharbeidet gjekk inn i det som seinare vart 1975-filmen Barry Lyndon, som omhandlar delar av den same tidsperioden.

Les også: Restaurerer Kubricks debutfilm

Ikkje første Kubrick-prosjekt for Spielberg

Dette er ikkje første gong Spielberg samarbeider med Kubricks etterkomarar om eit filmprosjekt. A.I. frå 2001 var opphavleg Kubrick sitt prosjekt, men gav det til Spielberg på 90-talet ettersom han til slutt meinte at ideen heller passa Spielbergs måte å lage film på.

No kan det altså sjå ut som om Napoleon I. får same behandling som Lincoln, eit Spielberg-prosjekt som tok eit godt tiår å realisere, men i form av ein miniserie.

Kvar tv-serien ender opp er enno ikkje bestemt, men gitt Spielbergs tidlegare historiske tv-prosjekt (til dømes Band of brothers) er det ikkje utenkjeleg at òg denne ender opp hjå HBO.

Spielberg arbeider forresten med ein ny HBO-serie saman med Tom Hanks, som skal vere ein oppfølgjar til Band of Brothers. For få prosjekt har denne mannen absolutt ikkje.

Kven bør få rolla som Napoleon Bonaparte?