Då TV-serien Veronica Mars vart kansellert i 2007 vart mange triste, ikkje minst serieskapar Rob Thomas som mot si vilje måtte sjå at serien vart avslutta etter tre sesongar. I nokre år no har han difor forsøkt å få eit filmprosjekt på beina, for å halde fram historia og skape ny interesse rundt den unge privatdetektiven, men distributør Warner Bros har ikkje vore interessert.

Hideo Kojima. (Foto: Kickstarter)

  • Folkefinansiering
  • «Crowdfunding», å samle inn pengar via publikum i staden for tradisjonelle distributørar og finansielle støttespelarar.
  • Popularisert i 2012 med tenester som Kickstarter og Indiegogo.
  • Hovudsakleg elektroniske duppedittar, spel eller filmar eller internett-seriar.
  • Dei største prosjekta har ofte nostalgisk verdi, som i tilbakeføring av eldre spelserier, filmkarakterar eller ulike bransjeguruar.
  • Prosjektet som har fått mest pengar er smartklokka Pebble, som samla inn over 10 millionar dollar.

Difor starta han i går kveld ei folkefinansieringskampanje, med Warner Bros’ velsigning, for å samle inn minst 2 millionar dollar (rundt 11,5 millionar kroner) for å spe på budsjettet til filmen sin, opphavleg mål var innan éin månad.

Resultatet var ein ny rekord for kor raskt eit Kickstarter-prosjekt har samla inn 1 million dollar, samt ferdigutfylling til 2 millionar på rundt 10 timar.

Dermed tek den rekorden frå webserien Video Game High School for mest pengar innsamla for eit filmprosjekt, og er no på god veg mot å slå fleire rekordar.

Les også: Fleire artiklar om Kickstarter

– Kanselleringa av showet skapte eit stort hol i hjartet mitt

Hovudrolleinnehavar Kristen Bell er spent på filmen, og fortel at ho ikkje har klart å gi slepp på figuren.

– Eg har aldri falt slik for ein karakter. Me kom så nært kvarandre, og kanselleringa av showet skapte eit stort hol i hjartet mitt. Eg hadde laga ei sirkusforestilling om Veronica Mars om det hadde betydd at eg kunne ha fått det tilbake, seier ho til Entertainment Weekly.

Målet er no at filmen skal bli spelt inn i sumar medan Bell har pause frå TV-serien House of Lies, og Warner Bros kjem mest sannsynleg til å hjelpe med distribusjon – både i digitale kanalar og med ei avgrensa kinolansering i USA. Målet til serieskapar Rob Thomas er premiere tidleg i 2014, men ingenting vert avklart før dei 29 dagane er omme.

Denne måten å skaffe finansiering på er nok agenda i veldig mange morgonmøte i Hollywood dei komande vekene. Spørsmålet no vert vel om det kjem til gode for bransjen, eller om det vert endå ein stad for å tigge pengar. Det viser iallfall at publikums vilje til å halde fram fanfavorittar er der, og at den med rett bakgrunn er veldig effektiv.

– Sjansane er der for å revolusjonere korleis prosjekt som vårt kan bli laga, seier serieskapar Rob Thomas i prosjektteksten.

NRKbeta: TMZ-grunnlegger: – Tradisjonelt TV og internett dør innen få år

Forresten, ikkje få falskt håp for ein ny film om Firefly. Fleire av skodespelarane der er knytt til andre prosjekt, regissør Joss Whedon er djupt inne i Avengers 2, og det var i tillegg ein grisedyr serie. Sjølv det dobbelte av kva Veronica Mars samla inn vil ikkje vere i nærleiken av kva dei treng, dermed er dette raskt meir noko for serier med lågare budsjett, som Chuck eller How to make it in America.

Kva synest du om Veronica Mars? Legg att ein kommentar under den underhaldande videoen frå prosjektet.