Superheltane viser seg kanskje å vere meir langtlevande enn zombiane. Etter kvart som vampyrar og vandøde byrjar å forsvinne litt, er dei kappekledde hemnarane på stadig oppadgåande kurve, godt hjulpe av storfilmar frå Disney og Marvel.

Denne veka hadde Iron Man 3 premiere, noko Birger hadde stor sans for. Så lenge dei kan halde ein slik standard gjer det eigentleg ikkje så mykje at det vert mange av dei i åra som kjem. Eller?

2013

Man of Steel: Allereie den 21. juni kjem Supermann attende. Etter å ha blitt forsøkt gjenopplivd på film i 2006 – noko som ikkje endte så bra som produsentane DC Comics og Warner Bros håpa.

Med regissør Zack Snyder, og produsent og manusforfattar Nolan og Goyer frå The Dark Knight-trilogien håper dei at Supermann skal klare å starte litt det same som Marvel gjorde med nettopp Iron Man i 2008 – å få i gang ein suksessrik filmserie.

Les også: Supermann: – Det er ikkje ein «S», det er håpets symbol

Kick-Ass 2: Balls to the wall: Ein månad seinare – 19. juli – dukker Kick-Ass opp igjen. Etter ein hardtslåande førstefilm i 2010 fekk dei mykje merksemd. Figuren Kick-Ass utforskar eit spennande konsept – kva hender om ein heilt vanleg fyr bestemmer seg for å bli ein superhelt?

I oppfølgjaren speler blant anna Jim Carrey ei sentral rolle som Colonel Stars and Stripes, noko som kan bety både gode og dårlege ting. Regissøren frå førre gong er vekke – Matthew Vaughn er i staden produsent for denne, og produsent for den komande X-Men-filmen som vert filma i desse dagar.

Les også: Jim Carrey til «Kick-Ass 2»

The Wolverine: Denne har kanskje forsvunne litt under andre store superheltfilmar, men er uansett på veg til norske kinoar den 26. juli. Wolverine reiser til Japan – basert på ei av dei fremste teikneseriane om fyren – og må løyse problemer der.

Filmen er regissert av James Mangold, som har laga så ulike ting som Walk the Line, Copland, Kate & Leopold og Jack Reacher, så det er kanskje litt vanskeleg å gjere seg heilt opp ei meining enno?

Anmelding: X-Men Origins: Wolverine: – Helt ok superheltfilm

Thor 2: The Dark World: Thor har vel kanskje heimebanefordel når han dukkar opp den 8. november. Frå ein litt vridd versjon av den norrøne gudelæra reiser Thor til Svartalfheim for å beskytte sin kjære Jane Foster.

Regissør Alan Taylor hoppa frå andre sesong av Game of Thrones til denne filmen, og har tidlegare gjort alt mogeleg av tv-serier for HBO – både Sex in the City og Sopranos. Kanskje det ikkje vert like pompøst denne gongen som då Shakespeare-regissør Kenneth Branagh gjorde den første filmen?

Anmelding: Thor: – Tordenguden lever!

2014:

Captain America: The Winter Soldier: Captain America er framleis i vår tid, og denne gongen må han kjempe side om side med Natasha Romanoff – spionen frå landet han er opplært i sin ungdom til å kjenne som fienden. Filmen heiter Winter Soldier, noko som i teikneserieverda skulle tilseie at han møter sin venlege hjelpar Bucky igjen.

Me er spente på å sjå korleis han held fram med å takle overgangen frå open krig på 40-talet, til den moderne tida. Dei to regissørane, Russo-brørne, er kanskje mest kjend frå humor – med blant anna Arrested Development og Community på rullebladet – men det vert spennande å sjå kva dei får til med denne superhelten.

Anmelding: Captain America: The First Avenger: – Slik skal en superheltfilm være!

Her er ein fan-trailer, laga av engasjerte fans:

The Amazing Spider-Man 2: Andrew Garfield stjal Peter Parker-figuren frå Tobey Maguire med den første filmen sin. Og godt er det, for The Amazing Spider-Man var iallfall eit steg opp frå Sam Raimis film frå 2007.

Men ein må framleis kunne spørje om motivasjonen til filmskaparane. Om dei ikkje lager filmar av denne figuren går nemleg filmrettigheitene attende til Marvel. Me får håpe at dei held fram med å lage fungerande filmar, og ikkje berre kastar penger på produsentar for å behalde figuren i stallen sin.

Anmelding: The Amazing Spider-Man: – Velsvingande gjensyn, men litt på autopilot

Det første biletet av filmens skurk, Electro, med Jamie Foxx i hovudrolla. (Foto: Sony)
Det første biletet av filmens skurk, Electro, med Jamie Foxx i hovudrolla. (Foto: Sony)

X-Men: Days of Future Past: Dette ser ut som det kan vere krysningspunktet mellom dei førre X-Men-filmane, og dei nye som starta med X-Men Origins: Wolverine i 2009. Me får sjå blant anna Professor X i både ung og gammal versjon, i både James McAvoy og Patrick Stewarts skikkelse.

Her skal det nemleg reisast i tid, og regissør Bryan Singer – som òg regisserte fleire av dei tidlegare X-Men-filmane – knyt saman historielinjer og forsøker å gjere noko lurt ut av det til juli 2014. Dette vert den sjuande filmen der Hugh Jackman speler rolla som Wolverine.

Anmelding: X-Men: First Class: – Jo flere mutanter – jo mere kommer i veien for det artige

Historia er plukka frå ei teikneserie med same namn. (Foto: Marvel)
Historia er plukka frå ei teikneserie med same namn. (Foto: Marvel)

Guardians of the Galaxy
Marvels kanskje mest ukjend prosjekt hittil. Dette er dei såkalla kosmiske heltane, som forsvarer verdsrommet rundt oss heller enn planeten me bur på – litt meir (stjerne)tåkete enn dei som har beina godt planta på jorda.

Eg klarer ikkje å late som eg ikkje allereie ser fram til denne filmen. For det første er det umogleg å ikkje vere forventningsfull til ein breikjefta, våpenglad vaskebjørn, regissert av mannen bak den svarte superheltkomedien Super.

Les også: Kven er The Guardians of the Galaxy?

Her er ein fan-trailer, laga av engasjerte fans:

Og endå fleire til!

I 2015 får me sjå oppfølgjaren The Avengers 2, Edgar Wright-regisserte Ant-Man, mest sannsynlegvis Supermann-kameratane i Justice League, og ei nyskaping av Fantastic Four frå Chronicle-regissør Josh Trank.

Og dette er berre nokre av dei. Om Man of Steel blir ein suksess kan me nok vente oss ein liknande storm av DC-superheltar blant Supermanns vener som frå Marvels Avengers-univers. Kva trur du om Flash og Wonder Woman?

Her i redaksjonen har me våre eigne håp om kven som skal dukke opp på lerretet.

Marte ventar på dei kvinnelege hovudrollene, og ser fram til ein She-Ra-film. Rune håper at nokon skal lage ein ny He-Man-film heilt utan Dolph Lundgren. Andreas ser fram til at nokon endeleg skal lage filmen frå manuset om den metamorosame leigemordaren Deadpool!

Kva superhelt vil du sjå i ein film? Eller er du rett og slett lei superheltar allereie?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.