Etter å ha rapportert om dårlege tal tidlegare denne veka har Nintendo-president Saturo Iwata forsøkt å forklare kvifor han trur Wii U har selt så dårleg. Han legg mykje av skulda på at selskapet sjølv ikkje har klart å kommunisere at Wii U-en faktisk er ei heilt ny spelmaskin, i eit fråsegn frå Nintendo.

– Fleire har misoppfatta Wii U som ein Wii med ein trykkskjerm for spel, og trur at Wii U-gamepaden er noko ein koplar opp mot sin gamle Wii. Me er djupt ansvarlege for ikkje å ha forsøkt hardt nok for å få publikum til å forstå produktet vårt.

Iwata trekk òg fram at Wii U-maskina ikkje har eit spel på linje med Wii Sports, som han peiker på som ei drivkraft for Wii, men at dei med Pikmin 3 og vidare utover vil legge fram nye titlar.

Nintendo har tidlegare sagt at dei blant anna vil vise fram nye Mario- og Mario Kart-spel på E3 i sumar – trass at dei ikkje skal ha dei gigantiske presentasjonane som spelmessa gjerne er kjend for.

Nintendo Wii U. (Foto: AP Photo/Jae C. Hong)
Årets strategi frå Nintendo: HEI, DETTE ER IKKJE EIN WII! (Foto: AP Photo/Jae C. Hong)

Les også: Nintendo vil revolusjonere Zelda

Men 3DS-en går bra då!

Det kan sjå ut som om Nintendo dermed håper på den same kurva for Wii U som for den handhaldne 3DS-maskina, som har teke seg opp i sal det siste året.

Først i Japan etter at eit etterlengta Animal Crossing-spel dukka opp, så i andre land med spel som Pokémon og Luigis Mansion 2, som klarer seg bra i Europa.

– Med titlar som dette trur eg, sjølv om det er seinare enn i Japan, at resten av verda endeleg er klar for Nintendo 3DS.

Uansett kva han seier, dei fleste av Nintendos salssuksessar er nye versjonar av gamle merkevarer. Men igjen, det er det Nintendo stort sett alltid seljer mest av. Eg har etter kvart slutta å tvile på det Nintendo gjer – historia viser hittil at dei alltid klarer seg, uansett kva kritikken seier. I eit nyleg innlegg hjå Gamesindustry går marknadsanalytikar David Cole så langt som å seie at eit skifte i taktikk var på tide:

– Dei gløymde rett og slett grunnkurset i marknadsføring, ikkje noko produkt vil klare seg utan støtte frå kommunikasjon.

Iwata seier at selskapet med desse forutsiktene legg opp til eit driftsoverskot på 100 milliardar yen – nesten 6 milliardar kroner – i motsetning til fjorårets tap på 36 milliardar yen.

Kva – om noko – har Nintendo gjort feil?