Den første langtraileren for Harald Zwart-regisserte The Mortal Instruments: City of Bones er ute.

Alle dei store distribusjonsselskapa har dei siste åra forsøkt å finne ei erstatning for Harry Potter– og Twilight-seriane, filmar med store, unge fanbaser som tener godt med pengar. Frå før av har The Hunger Games gjort det ganske bra, men den siste månaden har me sett at både Beautiful Creatures og The Host ikkje har klart å leve opp til forventningane.

– Clary er meir aktiv i sitt eiget liv

Vips – så kjem ein trailer for Mortal Instruments: City of Bones (Skyggejegerne: Demonenes by på norsk). Filmen omhandlar Clary Fray (Lily Collins, Lille speil på veggen der) som ein dag finn ut at ho ikkje er som alle andre, familien har ei skjult fortid som berre kan avdekkjast ved å tre inn i demonjegerane sine rekkjer.

(Traileren kan, sedvanleg nok, innehalde spoilerar for boka og filmen.)

Latterleg pene ungdommar som bekjemper demonar i eit moderne bylandskap med mykje historie? Ei ung kvinne i sentrum av historia med to unge menn rundt ho? Jaudå, ein har sett det før, men Clary Fray ser då i det minste ut til å vere meir handlekraftig enn Twilights Bella Swan. Litt som Buffy, kanskje, eller Katniss Everdeen?

To plakatar for filmen som vart lansert under helgas WonderCon. (Foto: SF Norge)
To plakatar for filmen som vart lansert under helgas WonderCon. (Foto: SF Norge)

– Det er ei nærliggande samanlikning, sidan dei er kvinnelege hovudpersonar i ein såkalla ung vaksen-fantasyroman, men eg personleg vart tiltrukke av Clary Fray fordi ho er mykje meir aktiv i sitt eiget liv. Ho tek mykje meir tak i problema og viser stor styrke, sa Harald Zwart til oss etter enda innspeling i fjor.

Les også: Harald Zwart: – Traileren representerer filmen godt

Bokas forfattar Cassandra Clare starta, i likskap med 50 Shades of Grey-forfattar E.L. James, som forfattar av fan fiction – heimelaga litteratur med figurar og miljø lånt frå populære franchiser som nettopp Harry Potter eller Twilight.

Fleire «ung vaksen»-filmar på veg i år

Det er ingen ny trend, men etter at den siste Twilight-filmen kom ut i fjor, og den siste Harry Potter-filmen året før der, har ei rekkje filmar i same kategori blitt igangsett. Allereie neste veke kjem Warm Bodies – den hjartevarme filmen om zombien R, som viser seg å ha kjensler under den kalde fasaden (nawww – journ.anm.).

Ellers er både Divergent (21. mars 2014) og Enders Game (1. november 2013) filmar sett i smått dystopiske framtidsmiljø med unge menneske i sentrale roller. Etter Hunger Games-suksessen er det kanskje ikkje så rart at dei dukkar opp som paddehattar, men dette er historier basert i solide bøker.

Seinare i år kjem oppfølgjarar til både The Hunger Games (22. november 2013) og Percy Jackson og Lyntyven (16. august 2013). Sistnemnde, Percy Jackson: Sea of Monsters kom nyleg med ein ny trailer.

Melding: Percy Jackson og Lyntyven: – Oppleves som en skamløs kopi av Harry Potter

Kva av desse filmane gleder du deg til?