Gordon Walton. (Foto: Gordon Walton, public domain)
Gordon Walton, litt tidligere i karrieren sin, hjå EA-utviklaren Gamestorm. (Foto: Gordon Walton, public domain)

– Ei sjokkerande sanning om bransjen vår er kor lite merksemd og verdi som er lagt inn i fungerande team, seier bransjeveteranen Gordon Walton i eit lengre intervju med Gamesindustry.biz.

Han har laga spel i 35 år, som inkluderer alt frå lesespelet Reader Rabbit på 80-talet, til The Sims og Star Wars: The Old Republic i meir moderne tid, og meiner tidene utviklar seg til det verre blant dei større distributørane.

– Utskiftbare kjøttdukker

– Dei verdset omtrent ikkje lagdynamikk. «Dei er berre utskiftbare kjøttdukker», og det er aldri, aldri sant. Verdien av eit samanhengande team som veit korleis dei arbeider godt saman er ikkje å finne i eit budsjett.

Walton ser med strengt blikk på det han meiner er destruktivt for spelselskapa og skaping. Som mange andre meiner han at det mest interessante innan spelutvikling ikkje hender blant dei største selskapa, og at digitalt sal er bra for å rokke ved dei store. Han er skeptisk til korleis konglomerat som EA og Activision vil klare seg i tida som kjem.

– Dei kjem til å bli den siste som står igjen i konsollverda. Ein dag vil dei vere den største fisken på botnen av dammen, og det er ingen mat, ikkje vatn, og det vert vanskeleg å puste.

– Det er slik det slutter, det slutter med ei katastrofe.

Activisions logo.
Activisions logo.

Les også: Activision-sjef: – Nye spillserier er vanskelig å selge

80-timersveker

Eit stort problem for dei ulike utviklarteama er faren for å bli utbrent. Det meiner iallfall Guillaume Boucher-Vidal, som har starta selskapet Nine Dots spesifikt for å forhindre at utviklarar arbeider 80-timersveker.

– Du får ikkje ein gong respekt frå medarbeidarar om du ikkje meiner at mindre enn slike ville arbeidsveker er «latskap», seier han til Penny Arcade.

Han meiner det skaper problem òg for spelarane, og spesielt med tanke på kor einsarta dei største spela kan kjennest når flesteparten av utviklarane er «31 år gamle, barnlause, kvite menn».

– Eg trur at hovudproblemet er at dei som faktisk vil at det skal vere slik – og dei finst – jager vekk nokre veldig talentfulle utviklarar som ynskjer eit meir balansert liv.

Les også: Cliffy B: – Har ikkje vore slik sidan spelkrasjet på 80-talet

«Gløymer» viktigheita av gode team

Ifølgje eigne fråsegn veit han meir om større team enn han nokosinne ville, og at det er kunnskap folk burde halde på etter kvart som dei stig i rang.

– Sjølv folk som har fått høgare stillingar i spelbransjen, som faktisk veit dette, ser ut til å ha gløymd det. Det sjokkerer meg stadig vekk. Om det var ei «Making Game Companies for Dummies»-boka, så burde det vere kjerneverdien – kor viktig samanhengande team er.

Walton har fleire gonger hatt oversyn på større spel, men trivst godt med dei mindre selskapa. Han forlot EAs Bioware før lanseringa av The Old Republic, og arbeider for tida i Playdom – eit selskap som hovudsakleg arbeider med mindre nettspel.

– Forandringar kjem til å hende med aukande fart. Det er den einaste sanninga i heile mi vaksne karriere: Anten surfer du bølgja, elles blir du knust av den.