I starten av kortfilmen snakkar ei stemme om korleis mennesker vandrar omkring, utan å eigentleg ense det som er rundt dei. Så dukkar noko verkeleg gigantisk opp!

Japanske Studio Ghibli er mest kjend for sine rike animasjonsfilmar – anten det er barnevenlege Totoro og Kikis Delivery Service, eller dei litt meir vaksne Princess Mononoke og Spirited Away, samt ei rekkje reklamer og kortfilmar. No har selskapet laga sin første live-action-kortfilm, med eit heftig dataanimert monster.

Ghibli-president Hayao Miyazaki. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)
Ghibli-president Hayao Miyazaki. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)

Giant God Warrior Appears In Tokyo, eller Kyōshinhei Tokyo ni Arawaru på originalspråket, handlar om japanske kaiju – mystiske megamonster der Godzilla nok er den mest berømte eksempelet.

Anmelding: Ni No Kuni: – Følelsen av å lande midt i en Ghibli-film

Japan har mykje kulare museum enn oss

Sjefen sjølv, Hayao Miyazaki, har designa monsteret som inntek byen, og filmen er regissert av Higuchi Shinji, som tidlegare har arbeidd som kunstnar på robotserien Neon Genesis Evangelion.

Kortfilmen vart spesielt laga for ei spesialeffektutstilling på eit japansk samtidsmuseum, noko som beviser at dei har kulare museum enn oss.

Monsteret – eller kaijuen om du vil – er ein av krigsgudane som me òg får sjå i nydelege Nausicaa of the Valley of the Wind, så det er kanskje å rekne som ein forløpar til den filmen?

Meir av dette?

Giant God Warrior Appears In Tokyo. (Foto: Studio Ghibli)
Giant God Warrior Appears In Tokyo. (Foto: Studio Ghibli)