Amy Adams og Christoph Waltz. (Foto: Kevin Winter/Getty Images/AFP, John Shearer/Invision/AP).
Amy Adams (The Master) og Christoph Waltz (Django Unchained). (Foto: Kevin Winter/Getty Images/AFP, John Shearer/Invision/AP).

Den overraskande spesielle historia Big Eyes, om «kunstnarparet» Walter og Margaret Keane, har sirkulert i Hollywood-systemet ei stund – og Tim Burton har lenge vore knytt til prosjektet som produsent. No har han fått finansiering frå The Weinstein Company, og i staden teke steget opp i registolen, ifølgje Deadline.

Burton skal vere nært å få med seg årets Oscar-nominerte Amy Adams og Christoph Waltz i hovudrollene som ekteparet Walter og Margaret Keane, som vart kjende på slutten av 50-talet for sine spesielle måleri av born med gigantiske auge.

Manusforfattarane bak prosjektet er Scott Alexander and Larry Karaszewski, som tidlegare har stått bak andre sære biografiske historier som «Verdas verste filmregissør» Ed Wood (saman med regissør Tim Burton), pornogründerhistoria The People Vs. Larry Flynt og særlingkomikarbiografien Man on the Moon på 90-talet.

Tidlegare skulle Alexander og Karaszewski regissere filmen med Ryan Reynolds og Reese Witherspoon i hovudrollene, men det var tydelegvis ikkje godt nok for Tim Burton.

Måla av Margaret Keane, 1963.
Måla av Margaret Keane, 1963.

Les også: Topp 5: Tim Burton: – Ed Wood er med!

Haldt kona innesperra

Bileta som skapte oppsikt då dei kom var alle signert Walter, men det vart anerkjent at kona òg var med på måleria. Etter kvart vart det derimot kjend at Walter hadde haldt Margaret innesperra medan ho måla bileta, og teke ære for kunst han ikkje var i stand til å lage.

Under rettssaka dei imellom vart dei båe utfordra til å måle eit bilete. Margaret måla det ho kunne, Walter skulda på ei vond skulder. Ikkje overraskande vann den verkelege kunstnaren rettstvisten.

Burton har lenge vore tilknytt historia, blant anna fordi han sjølv er fan av dei visuelt eigenarta figurane. På eit tidspunkt fekk han Keane til å portrettere sin dåverande kjærast, skodespelar og dansar Lisa Marie.

Hans førre prosjekt, animasjonsfilmen Frankenweenie, var den første Burton-regisserte filmen utan Johnny Depp på 7 år – på godt og vondt. Enn så lenge er Depp heller ikkje å spore i denne filmen, som verkar å vere Burtons neste prosjekt ut.

Kva synest du om Tim Burton? Mørkt geni, pretensiøs freak – eller noko midt i mellom?