Oppdatert 14. mai kl. 23.30: Kickstarter-kampanjen til Krillbite nådde målet tidligere enn ventet, hele tre dager før fristen.

Det norske spelselskapet Krillbite lanserte for 25 dagar sidan ei Kickstarter-kampanje for å samle inn 200 000 dollar – rundt 1.1 millionar kroner – til utviklingsprosessen av skrekkspelet Among the Sleep. I skrivande stund står det att omtrent 10 000 dollar, fire dagar før kampanjen er ferdig.

For å – naturleg nok – skape ei siste merksemd før tida er ute, slepp dei i kveld klokka 20.00 ein open, gratis alfaversjon av spelet.

– Me er optimistiske! Me har sett at andre kampanjar som regel får inn mest dei aller første og dei aller siste dagane, så at me har kome så nære til no lover veldig godt. I tillegg er me visst vald ut som Kickstarters offisielle «Project of the Day» i dag, som truleg kjem til å bety mykje når USA snart vaknar, seier Adrian Tingstad Husby i Krillbite.

Han er klar for å feire den 18. mai.

Among the Sleep. (Foto: Krillbite)
Kor ofte har det å gå ned ei trapp vore ei utfordring i spel i seg sjølv? (Foto: Krillbite)

– Då samlast me alle i sofakroken på kontoret, der me tel ned i kor! Forhåpentlegvis med eit smil om munnen. Og kake, mykje kake!

Les også: Norsk skrekkspel starter Kickstarter-kampanje

Leiker med Oculus Rift

I tillegg til å utvikle sjølve spelet, har òg dei Hamar-baserte utviklarane byrja å leike seg med VR-brillene Oculus Rift, som set to skjermar framfor augo dine for å skape ein 3D-effekt.

– Mykje av målet med Among the Sleep er å plassere spelaren i eit barns hovud, og late dei leve seg inn i perspektivet så mykje som mogeleg. Me kan bekrefte at det å sjå ned med sitt eiget hovud, og sjå kroppen til ein toåring, for så å sjå opp på dørhandtaket som er høgt der oppe, er ei spesiell oppleving. Hjå born påverkar deira mindre avstand mellom augo korleis ting ser ut, så dette gjer òg perspektivet meir verkelegheitsnært.

Krillbite har sleppt ein video som viser Oculus Rift i bruk på ein tidleg versjon av spelet:

Slik Oculus Rift fungerer i spelet no støtter den enkle rørsler med hovudet, men om innsamlinga går til 225 000 dollar er målet å utvikle for meir avanserte hovudrørsler.

– [Det] vil gi spelaren mogelegheit til å fysisk lene seg rundt hjørner eller ut frå under sofaen i spelet, seier Husby.

Les også: Ragnar Tørnquist: – Kickstarter er det største som skjedde i 2012

Jory Prum. (Foto: Jory Prum)
Jory Prum i arbeid på «Knights of the Old Republic». (Foto: Jory Prum)

Samarbeider med Oscar-vinnande lydprodusent

Då eg testa ein tidleg alfaversjon av spelet hadde det alt ei sterk atmosfære – både gjennom lyd og miljø – men stemmene kunne fint ha blitt pussa litt på.

For å styrke dialogdelen av spelet har dei fått med seg Jory Prum, som har arbeidd med lydproduksjon på både spel og film – blant anna driv han studioet som Telltale Games nyttar til dialogopptak, og han har arbeidd på Oscar-vinnande Adaption og Pixar-kortfilmen For the Birds.

– Me har vore så heldige å treffe han ved fleire anledningar, og han har blitt ein god ven – og liker i tillegg prosjektet vårt! Han har òg ein forkjærleik for Noreg, som gjer at han ofte kjem på besøk. Me tykkjer det er fint å ha personleg kontakt med dei me samarbeider med.

Arbeidet til Jory er ikkje å finne på den nyaste versjonen av spelet som vil dukke opp i kveld, derimot er det mest bugfiksing. Du kan lese meir om Among the Sleep på Kickstarter-sida deira.